Dr. No (1962)

IMDb: 7.3/10 (27,405 votes)

Når det kjem til dei eldre James Bond-filmane har eg så dårleg oversikt at eg ikkje eingong veit om eg har sett «Goldfinger», dette har eg tenkt å gjere noko med, og sidan ingenting av det eg har sett har vore dårleg, eller kanskje kjedeleg er eit betre ordval, så har eg bestemt meg for å starte frå starten først som sist og heller ta filmane etter utgivelesesår når eg har lyst.

Først ute er «Dr. No», med Sean Connery i råvelde av retten til å drepe. Å dømme denne på grunnlag av kor god den er på å introdusere oss for James Bond har eg ikkje via ein tanke på, eg veit kven Bond er, har ein idé om kva filmar som ventar meg og likar det godt nok til å ha starta frå starten.

Connery er ein fyr med glimt i auget og eg set pris på hans Bond-framtoning. Filmen er ikkje i overmåte oppstasa med høgteknologiske instrument, men den har ein spiss som gjer at det ikkje er blir ein etterforskingsthriller. Humor og spenning er to viktige stikkord og eg har ingenting å utsette på valet av eit fargerikt miljø. Deler av filmen er spelt inn på Jamaica.

For å halde det gåande med litt om kvar filmen etter kvart som dei blir sette blir det ikkje fleire ord om denne, eg la karakteren tale for seg, og desse par orda: Stort sett ein god film, eit par småting her og der, som litt lange sekvensar, men den skal ha for ikkje å haste avgårde og eg kan ikkje trekke fram noko som nemneverdig negativt.

7/10

From Russia with Love (1963)

IMDb: 7.5/10 (24,764 votes)

Sjølv om denne er god fall den ikkje så godt i smak som «Dr. No», til det er den litt for roleg, det er ikkje så mykje spenning, og det ser også ut til å mangle ein del på innhaldet for å fylle ut filmen på det eg vil kalle verdig måte. Eg skal ikkje gå meir innpå det spesifikke.

Det som gjorde meg litt interessert var at me møter Q for første gong her, eit steg i retning av James Bond eg kjenner. Eg satte meg ikkje godt nok inn i detaljane undervegs til å finne ut kva det var, men dette virkar på meg meir som den typiske Bond-filmen.

Opningssekvensen er relativt skuffande med orkestermusikk istaden for Bond-song, musikken er forsåvidt fin den, men det var ikkje før ved rulleteksten det dukka opp ein «From Russia With Love»-song.

For å sei det på ein god måte, dette er ein bra nok film det, Sean Connery, damer, spenning og reising. Skurkane er spesielt interessante og eg håpar og trur me får sjå meir til mannen som ikkje viser ansikt seinare. Eg føler på ein måte at denne filmen bygg meir opp rundt eit eller anna som kan ha med Bond-universet å gjere enn å stå seg fram som den aller beste filmen.

6/10

From Russia with Love (1963)

IMDb: 7.3/10 (8,352 votes)

James Bond From Russia With LoveKlassisk James Bond. Agentfilm slik det skal vere. Morosam og spennande.

6/10