Posts Tagged ‘Terry Gilliam’

Brazil (1985)

tirsdag, desember 22nd, 2009

IMDb: 8.0/10 (70,747 votes)

BrazilLuke nr. 22. «Brazil» er ein av desse filmane som ikkje er ein skikkeleg julefilm, om ikkje det at handlinga går føre seg rundt juletider er det einaste kravet. Men for å få litt variasjon i kalenderen så strekker eg dry sopass langt.

Terry Gilliam har laga ein film som ikkje berre utnyttar samtidige dystopiske filmar for god humor, men som også har noko den vil sei sjølv. Dette er ein kritikk mot det firkanta byråkratiet, om enn ein morosam, så kritikk alle nok vil legge merke til.

Jonathan Pryce er mannen i hovudrolla som har funne seg til rette i ein av tusenvis av anonyme papirjobbar som samfunnet her består av. Heile handlinga og framtida til karakteren til Pryce har utspring i ei feilstaving på eit skjema i byrjinga av filmen, som ei fluge har vore årsaka til. Denne sekvensen er i grunn heile poenget til filmen sett på spissen, med eit så strengt byråkrati blir den personlege berøringa undertrykke.

«Brazil» er morosam, vellaga og er både god underhalding samtidig som den har nokre poeng. Det er ikkje fullt ei så mørk dystopisk forteljing, men det spelar ingen rolle at kritikken er beinhard, til det har me mellom anna «Nineteen eightyfour». Det som gjer at «Brazil» ikkje fortener ei pallplassering er at den blir for lang, trass i mykje historie å gripe tak i. Det er spesielt nokre av draumesekvensane til hovudpersonen som dreg ut, slosskampen mot monsteret som i grunn ikkje er så altfor spennande eller givande, uansett den symbolske verdien.

Filmen er god, men ikkje topp. Som julefilm er det i grunn lite å sei om den, dei kjem innpå at handlinga går føre seg rundt juletider eit par stader, det er alt. Men eg hadde lyst på eit gjensyn, så her er den.

7/10

The Fisher King (1991)

søndag, september 30th, 2007

IMDb: 7.4/10 (18,470 votes)

The Fisher KingEg har eit blanda forhold til filmane til Terry Gilliam, men gir stadig mannen nye sjansar. Takka vere det har eg fått sett den flotte «Twelve Monkeys» og no den nesten like flotte «The Fisher King».

Jack Lucas (Jeff Bridges) er ei kjent, rappkjefta radiostemme med stor sjølvtillit. Når ein psykotisk lyttar vel å tolke orda hans bokstaveleg, og meir enn så, endar det opp i ei massakre på eit uptownklubbane i storbyen. Jack blir utpeika som syndebukk i media og går inn i ein tung periode.

Tre år seinare… møter me Jack på mindre breialt vis enn tidlegare. I historia som etter kvart utviklar seg møter han på uteliggaren Parry (Robin Williams), saman opplever dei litt av kvart. Det blir håplaust å fortelje meir utan å øydelegge gleda ved å sjå filmen.

I «The Fisher King» kjenner eg igjen Gilliam sin måte å framstille samfunnet som ein kald plass. Utan det varmare og kjensleladd dramet hadde ikkje det appellert til meg. Kjemien mellom ulike skodespelarar er unekteleg god, i blant nok til å få den kalde kjensla nedover ryggen.

7/10

Twelve Monkeys (1995)

søndag, september 9th, 2007

IMDb: 8.0/10 (101,241 votes)

12 MonkeysKan ikkje skjønne kvifor eg ikkje har sett denne før, må jo vere Terry Gilliams beste! Akkurat nok med twists og stadig møtande trådar til at eg hang med heile vegen, men ikkje såg på filmen som for enkel heller. At den har eit røfft image hjelp på, føler stadig fleire filmar blir for sterile og perfekte. Denne er godt laga teknisk, men ser ikkje ut til å la det bli hovudgreia.

Bruce Willis forsvinn godt inn i rolla som James Cole. Måten han håndterar denne er ikkje mindre enn imponerande. Både han og det kvinnelege motpunktet, spelt av Madeleine Stowe står aldri i ro i rollane sine. Korleis det heile vekslar mellom ein psykologisk og sci-fi thriller gjer at eg ikkje kjedar meg. Var litt skeptisk i starten på om dette skulle bli ein meir moderne «One Flew Over the Cuckoo’s Nest», ein film eg ikkje treng å sjå ei etterlikning av. Men det blir heldigvis noko heilt anna.

8/10

Tideland (2005)

fredag, oktober 20th, 2006

IMDb: 7.0/10 (1,056 votes)

TidelandTerry Gilliam eller ei, denne filmen fall ikkje så godt i smak her. Den er langt betre enn «The Brothers Grimm» på mange område, ein av dei er 12 år gamle Jodelle Ferland> som Jeliza-Rose, dotter av to narkotullingar. Men den blir for brutal på andre område.

Oppveksta til Jeliza-Rose er påverka sterkt av narkotikabruket til foreldra, og ho har utvikla ein veldig sterkt fantasi som ho lever seg inn i til dagleg. I denne fantasien kan ekorn snakke, det finst hekser og monster. Sånn som i yndlingsboka hennar, «Alice in Wonderland». Jeliza-Rose er ein overspelt karakter, og ikkje berre i filmen, men i historia og. Problemet hennar er at ingen er der for å skilje eventyr og realitet for ho.

Når eg skriv at filmen blir for brutal tenker eg først og fremst på scenene med Noah (Jeff Bridges), far til Jeliza-Rose i filmen. Når han set si siste sprøyte, og reiser på ferie for godt, fortreng Jeliza-Rose det faktumet at han er død og let han sitje i stolen sin og rotne, og snakkar til han som om han framleis skulle vere der. Dette blir vel sterkt etterkvart, noko som kanskje har med å gjere at eg ser litt på Jeliza-Rose som ein av ungane i «Nobody Knows» som har blitt forlate av mora si og sakte, men sikkert, forfell. Ein veldig nær film.

At «Tideland» er ein godt laga film vil eg ikkje legge i ei skuff, men temaet blei for sprøtt for meg. Og fleire gonger følte eg meg fråstøytt frå filmen. Den balanserar på kanten og blir alt i alt ein grei film!

6/10

Brazil (1985)

torsdag, mai 4th, 2006

IMDb: 8.0/10 (37,753 votes)

BrazilEnkelte gonger dukkar det opp filmar som går over hovudet mitt, og som eg heilt mistar grepet på undervegs. Brazil (1985) er ein av dei. Eg kjenner igjen visse grep frå «Nineteen Eighty-Four», men her er det snakk om rot i systemet. Papir held orden på det meste. Og ingen ting kan skje utan at ein må fylle ut skjema. Hovudpersonen vår, Sam Lowry (Jonathan Pryce), får gjennom jobben sin kjennskap til ei kvinne som han har sett i draumane sine. Slik byrjar jakta på ho. I tillegg skjer det vanvittig mykje anna, filmen er full av visuelle inntrykk. Og eg fekk ikkje alltid med meg alt. Det er kanskje verdt å nemne at regissør Terry Gilliam hevdar at han ikkje har lese Nineteen Eighty-Four, så filmen er ingen parodi på den. Men den er absolutt morosam, og gjerne irriterande og masete til tider.

Eg fekk sett Criterion Collection utgåva av filmen, den lange, originale versjonen. Men DVDen inneheld også Sheinbergs versjon. Som har fått ein anna slutt, tilpassa det amerikanske TV-publikumet. Ein anna gong, om eg får sett filmen igjen, og skjønnar den hakket meir, så skal eg kreditere filmen betre. Men dette vart litt for smart for meg.

7/10

Monty Python and the Holy Grail (1975)

søndag, april 23rd, 2006

IMDb: 8.4/10 (75,306 votes)

Monty Python and the Holy GrailEin sær film som på langt nær nådde opp mot mine forventingar. Den er morosam til tider, men ikkje nok til å bli ein av mine favorittar innan komediesjangeren. Simpelt nok fordi flesteparten av vitsane ikkje er intelligente nok for min smak. Når det kjem til Monty Python vil eg foretrekke Flying Circus TV-serien som gjekk frå 1969-1974.

6/10

The Brothers Grimm (2005)

lørdag, mars 11th, 2006

IMDb: 5.9/10 (11,474 votes)

The Brothers GrimmTrass i at eg ikkje likte denne filmen så altfor mykje, så har eg no sett den igjen. Nytt frå forrige gong var at eg no visste kven Peter Stormare var etter å ha sett ein del «Prison Break», så rollefiguren hans blei artigare å følge med på. Eg hadde også undertekstar til filmen, så det eg var usikker på sist, fekk eg no med meg i detalj.

Mot slutten, når det var rundt 30 minuttar igjen, blei eg veldig utålmodig, til ein grad eg ikkje har vore på lenge når det gjeld å filmsjåing. Eg klarte likevel å få sett alt.

6/10

The Brothers Grimm (2005)

torsdag, desember 29th, 2005

IMDb: 5.9/10 (8,228 votes)

The Brothers GrimmGløymte nesten å skrive ned her at eg hadde sett denne filmen, det seier vel kanskje nok om filmopplevinga.

6/10