That ’80s Show

1 sesong.

It’s Always Sunny in Philadelphia, Grey’s Anatomy og That ’70s Show har minst tre ting til felles: Suksess, medverkande personar i That ’80s Show og at dei er betre seriar enn That ’80s Show.

Skaparane bak That ’70s Show prøvde i 2002 med That ’80s Show Ã¥ gjenta suksessen dei hadde med 1970-talsserien, men utan hell. Det blei med 13 episodar mellom januar og mai, sendt i omstokka rekkefølgje og ulike tidsrom… pÃ¥ FOX.

Glenn Howerton (It’s Alway Sunny in Philadelphia) og Chyler Leigh (Grey’s Anatomy) er blant hovudrollane i serien som gjentok oppskrifta til That ’70s Show med eit liknande namn og oppbygging. Serien er verken ei fortsetting eller ein spin-off til That ’70s Show. Den er heller ikkje spesielt god. I blant er den litt morosam, men verken mykje eller lenge om gangen.

Forsøket pÃ¥ ein sprø humor blir eit strev og serien osar av eit kunstig samhald og dÃ¥rlege vitsar med altfor opplagt timing. Lyspunktet er Chyler Leigh som best kan samanliknast med Hyde frÃ¥ That ’70s Show. Ho har eit tøft ytre som punkar og byr tidvis litt pÃ¥ eit mjukare og meir personleg indre, og er den karakteren ein overfladisk sitcom som That ’80s Show treng for Ã¥ overleve. Diverre er det berre ei av ho.

That ’80s Show er verken Ã¥ finne pÃ¥ DVD eller verdt Ã¥ anbefale. Det er ein kuriositet som er lite snakka om, og det er hovudsakleg der interessen ligg.

That ’70s Show sesong 4

27 episodar.

Vel halvveges og framleis på dei gode episodane, tidlegare har eg ytra at serien ligg på topp rundt sesong fire og fem, etter å ha tenkt meg om to gonger til vil eg setje eit skilje mellom tredje og fjerde sesong og kalle den tredje for best blant dei mest uskuldige ungdomsåra og fjerde som eit nytt kapittel med litt meir alvor og større avstikkarar både på område som kjærleiksforhold og nye sider ved dei ein gong så enkle karakterane i serien.

Som vanleg er det lite å utsette på serien, eg sluker dei fleste episodane rått, kanskje minus to mindre gode, mens andre episodar kan vere betre enn vanleg. Du har ein episode der Kelso innfører Prank Day og Red blir med i «krigen» som oppstår, denne ligg i ein eigen klasse. Så er det eit forsøk på å lage ein musikalepisode som mislykkast både på grunn av elendige songnummer som sjeldan blir morosame og dårleg oppbygging rundt desse.

I fjerde sesong kan ein merke at det ikkje berre er Eric som er «That ’70s Show», dÃ¥ han tidlegare har stukke av med mesteparten av fokuset, har han her gitt frÃ¥ seg litt ekstra rom til dei andre, sjølv om forskjellen knapt kan merkast før ein oppsummerar sesongen i ettertid. Denne sesongen er ingen dum ting Ã¥ bruke tid pÃ¥, hugsar eg rett finst det endÃ¥ minst ein god sesong (5) og ein grei (6) før serien svakt rundar av for Kelso og Eric (7) og serien slit seg gjennom ein siste sesong (8) utan desse.

That ’70s Show sesong 3

25 episodar.

Nok ein sesong av «That ’70s Show» har gÃ¥tt unna som berre pokker, dette er ein av dei ultimate seriane av typen der ein hoppar pÃ¥ neste episode med ein gong, grunna kort lengde pÃ¥ cirka tjue minuttar og slag i slag med ting som skjer i kvar episode.

Med denne tredje sesongen er serien på veg opp på sitt toppnivå, eg hugsar eg lot meg underhalde som best av den fjerde og kanskje den femte sesongen før kurva peika nedover igjen. Det er ei hårfin linje som skil desse episodane frå tidlegare, produksjonen virka hakket meir profesjonell og ikkje minst påkosta, då med tanke på fleire opphaldsplassar for ungdommane. Dei ulike karakterane har satt seg meir som individ framfor å berre vere den faste gruppa.

Tid har alltid vore vanskeleg i «That ’70s Show», dÃ¥ serien starta var Ã¥ret i handlinga 1976, og sjølv om kvar sesong hadde sine spesialar for jul, nyttÃ¥r, halloween, o.l., sÃ¥ avslutta den Ã¥ttande sesongen pÃ¥ nyttÃ¥rsaftan 1979. Men for Ã¥ oversjÃ¥ slike detaljar er det klart at skaparane av serien har gitt Eric, Fez og resten av gjengen det som skulle tilsei at dei var blitt litt eldre, utan Ã¥ ta i frÃ¥ serien alt av barnsleg humor. Takk for det, denne enkle humoren er pÃ¥ mange mÃ¥tar kjerna i serien ved sidan av at den, som tittelen stÃ¥r for, hentar fritt med inspirasjon pÃ¥ alle omrÃ¥de frÃ¥ 1970-talet. Her ligg jo sjarmen.

Sesong 3 viser ei god utvikling mot ein serie som skal bli betre.

That ’70s Show sesong 2

26 episodar.

Tre Ã¥r etter eg brukte sommaren og hausten pÃ¥ Ã¥ sjÃ¥ meg gjennom tv-serien «That ’70s Show» er eg tilbake til byrjinga, eller nesten dÃ¥, første sesong hadde eg allereie i fjor sommar eit gjensyn med, men det har gÃ¥tt litt tid før eg har gÃ¥tt for meir.

«That ’70s Show» er pÃ¥ mange mÃ¥tar ein perfekt serie Ã¥ ta gjensyn med, for det første likar eg serien veldig godt, noko som underbygg mitt andre poeng, eg sÃ¥g tidlegare veldig mange episodar pÃ¥ kort tid og hadde berre dei større trekka framfor smÃ¥ detaljar i hukommelsen. Dette gjorde at episodane virka som tidlegare usett pÃ¥ meg og eg kunne ha like mykje moro med Ã¥ sjÃ¥ dei no.

Eg vil ikkje legge skjul pÃ¥ at «That ’70s Show» er av dei enklare sitcoms der ute, mange av vitsane er svært enkle og ikkje alle er like morosame, ein del stÃ¥r seg pÃ¥ enkle poeng som gÃ¥r opp igjen i det uendelege, men finn ein gleden bak desse, karakterane i serien og miljøet, sÃ¥ er det ingenting i vegen for Ã¥ like «That ’70s Show».

Ut i frå hukommelsen kan eg ikkje hugse andre sesong som den beste, det var (trur eg) rundt fjerde og femte sesong serien nådde toppen. Likevel er det ingenting i vegen for at det er god underholdning og eg ser for meg ein gjensyn med tredje sesong etterkvart, litt nærmare i tid enn til neste sommar.

Eg har ikkje streifa så mykje innom handling og spesifikke beskrivande detaljar om serien då eg reknar med dei fleste enten har sett litt/meir av serien på tv eller i det minste høyrt om den. Så dette framstår som eit reint innlegg om meg og mitt forhold til serien og då med andre sesong i fokus.

That ’70s Show sesong 1

25 episodar.

That '70s Show season 1Det er cirka 1 år sidan eg såg ferdig første sesong av denne serien for første gong. Og sidan den gong har eg sett resten av serien til eg blei ferdig med den endelege sesong nummer åtte på slutten av våren.

Med god kjennskap til rollefigurane og ein idé om framtiden var det difor med andre auger eg såg på serien denne gongen. Umiddelbart blei det eit lite sukk, men serien kom heldigvis opp på godt nivå etter eit par episodar. Eg kjente igjen tilnærma alle episodane i handling, men er ingen kløppar på å hugse replikkar, så alt utanom dei beste punchlines gleda like mykje denne gongen. Men det er ikkje til å unngå å legge merke til at ferdigheitene til gjengen framfor kamera blir betre utover åra, for det er ikkje serien sterke side.

Når eg tenker over kva grunnen til at eg likar serien kan vere dukkar det opp følgande alternativ: tidsepoken og settingen gir ein litt meir groovy feel, det er meir fokus på gode gamle hobbyar og trender framfor å vere ein ungdomsserien som prøver å vere eit forbilde for dagens ungdommar. Det er greitt å sleppe unna mobiltelefonar og internett. Realisme er ikkje så nøye med, dumbass!

That ’70s Show sesong 8

22 episodar.

That 70s Show sesong 8Etter Ã¥tte Ã¥r med «That ’70s Show» er det med eit tungt farvel serien seier takk for seg. Sjølv har eg ikkje sett pÃ¥ serien i meir enn eit Ã¥r, men føler likevel eg har ein historie med den. Forrige sommar sÃ¥g eg dei sju første sesongane, kanskje litt for hyppig. Noko eg først la tydeleg merke til nÃ¥r eg forrige veke sÃ¥g «The Final Goodbye», ein 1-timers lang spesial med tilbakeblikk og intervju med gjengen foran kamera. Ein spesial eg kjem tilbake til lengre ute i teksten.

Denne siste sesongen har vore forskjellig på fleire måtar. Den var opprinneleg planlagt at serien skulle gi seg etter sjette sesong, men det blei lagt på to stykker etter kvart. Dette blir som ein attpåklatt, eller kva ein skal kalle det. To viktige rollefigurar har forsvunne, og etterlatt seg eit merkbart tomrom i serien. Ashton Kutcher som Michael Kelso tok farvel med oss i fjerde episode ut i sesongen, mens Topher Grace som Eric Forman gav seg etter forrige sesong.

Eric Forman var rollefiguren eg såg på som midtpunktet i serien, det var i huset hans mesteparten av tiden blei brukt, det var hans forhold som var det seriøse. Michael Kelso var den morosame klovnen, som gjorde alt artig. Ein skal heller ikkje undervurdere dei andre rollefigurane, for det er dei saman som gjer serien til den det er. Men som skodespelarar er det kanskje desse to som forlot serien som står igjen som dei mest interessante, samt Wilmer Walderama, kjent som Fez.

Forutan Ã¥ ha mista to viktige rollefigurar frÃ¥ serien, har det skjedd nokre fÃ¥ endringar som ein kan merke etter kvart. Les ikkje vidare viss du vil oppleve desse sjølv. Ny opningssekvens, som ikkje har den same sjarmen som før, men som likevel er bra med tanke pÃ¥ kva «sirkelen» har hatt Ã¥ sei. Ny figur blant hovudgjengen, Randy, som er ein slags mellomting med dei beste eigenskapane frÃ¥ Kelso og Eric kanskje. Dette er ikkje same fyren som blei introdusert i slutten av forrige sesong, det var Charlie, og han døydde nÃ¥r han datt ned frÃ¥ vasstÃ¥rnet. Eg trur det har med at han var for lik Eric, og at dei ikkje ville kunne ha erstatta Eric med han, sÃ¥ dei droppa han, dette er berre spekulasjonar frÃ¥ mi side. Og Kitty har forresten ny hÃ¥rsveis.

Bortsett frå desse småtinga, så har folket blitt vaksne, så det vesle dei held på av ungdommelegheita blir ikkje så uskuldig morosam lengre. Det blir nesten litt tragikomisk, at dei som er igjen ikkje har komme seg lengre i livet. Vitsane er forlengst oppbrukt, og det blir servert mange litt for tørre her. Enkelte rollefigurar irriterte meg meir enn dei andre, og den einaste som har tilført serien noko ekstra er Fez (Wilmer Valderrama), som både har klart å halde på litt av den gamle sjarmen sin, men samtidig, endeleg, gått vekk frå å vere den 100% godteri og pornofikserte guten.

I «The Final Goodbye» var det derfor litt skuffande Ã¥ ikkje fÃ¥ intervju med Topher Grace. Men alle dei nye inntrykka og den nye innsikten til serien var faktisk litt overvelmande. Eg har alltid vore klar over at det opp dei to treppene frÃ¥ kjellaren ikkje har vore noko, men det var likevel veldig spesielt Ã¥ sjÃ¥ settet i bitar. Elles la spesialen mykje vekt pÃ¥ Ã¥ repetere kor god kontakt dei forskjellige skodespelarane bak serien har fÃ¥tt, samt flashbacks. Eit absolutt «must» Ã¥ sjÃ¥ for den som likar serien.

Dei siste episodane av den siste sesongen skil seg ut frÃ¥ resten med at dei er meir morosame enn sesongen generelt, og gir ei djupare meining sidan dei er meint Ã¥ avslutte serien. For dette har vore ein tam sesong, med mange tamme vitsar, og ein lang tilvenningsperiode der eg ikkje klarte Ã¥ tenke meir enn at dei burde ha gitt seg pÃ¥ topp. Spesielt ei omvising i mellometasjen i huset til Forman, leia av Kitty i nest siste episode var utruleg stilig. Ein fekk sjÃ¥ korleis veggen bak kamera «faktisk» ser ut, og blei ført gjennom huset samanhengande. Men avslutninga altsÃ¥, den er absolutt verdig, og faktisk litt rørande. Litt vemodig at det er slutt, for 200 episodar har gjort sitt inntrykk pÃ¥ meg. Er vel kanskje pÃ¥ tide Ã¥ starte pÃ¥ sesong 1 igjen…

That ’70s Show sesong 7

25 episodar.

That 70s Show ses 7Når eg først skreiv dette innlegget om sesong 7, på engelsk den gongen, var eg usikker på om eg skulle rekne ein ev. 8. sesong som ein ekte ein, ettersom Topher Grace har gitt seg etter denne sesongen. Eg har forskjellige meiningar om dette etter å ha sett sesong 8.

Det har vore 7 gode sesongar av «That ’70s Show», men serien var nok pÃ¥ topp rundt sesong 4. Det vil ikkje sei at desse 3 siste har vore dÃ¥rlege, dei har berre ikkje vore sÃ¥ gode. Sesong 7 er kanskje den svakaste sesongen til no.

That ’70s Show sesong 6

25 episodar.

That 70s Show ses6Denne er ikkje så god som dei tidlegare sesongane, serien har på ein måte tatt steget ned på dei fleste område, akkurat som vaksne ikkje er så ville som ungdommar (det finst unntak). Kort oppsummert byrjar vitsane å bli gamle, gjengen er blitt eldre, og humoren er ikkje så ungdommeleg uskuldig som dei eingong var. No har ikkje alderen til dei i serien auka 1 år per sesong, men dei har blitt vaksne, og det føles som dei har blitt 6 år eldre.

Men serien er ikkje blitt kjedeleg eller noko, det er som med andre sesong av «The O.C.», det er framleis bra, men klarar ikkje å følge opp med forventningane etter forrige sesong. Eg vil snart sette meg ned med sesong 7, som hittil er den siste i serien, så eg håpar den ikkje blir verre enn denne sesongen, i det minste. Eg har også høyrt rykter om ein 8. sesong, utan Eric Forman eller Michael Kelso. Kva faen??

That ’70s Show sesong 5

25 episodar.

That 70s Show ses 5Eg har ikkje så mykje å skrive her. For i den gode flyten eg er i, så går sesongane mykje over i kvarandre. Men dette er bra, det er godt, det er veldig mykje moro her.

That ’70s Show sesong 4

27 episodar.

That 70s Show ses4Ein av dei beste sesongane, dette er That ’70s Show slik det skal vere!

1 / 212