Real Genius (1985)

IMDb: 6.8/10 (12,038 votes)

I serien «kjente skodespelarar i ungdomsfilm frÃ¥ 1980-talet» har me no komen til Val Kilmer, og den andre spelefilmen hans, Real Genius.

Chris Knight (Kilmer) er eit dovent geni og ei bråkebøtte, forma av den gradvise opplysinga om at livet er meir enn berre arbeid. Då ein lovande, ung elev dukkar opp på universitetet der han forskar på ein ny type laser, ser han seg sjølv i eleven, som yngre og uvitande for det meste utover det reint faglege.

Real Genius handlar om å ha det artig: feste og slå seg laus, men ikkje miste fokus på utdanning. Den skal vise at alle kan ha det gøy, til og med den stereotypiske nerden. Så har filmen fletta inn ein handling som dreiar seg om militære, pengar og bruken av laserteknologien dei smarte studentane hjelper til med å utvikle.

Martha Coolidge, som debuterte som regissør ved sidan av Nicolas Cage i hovudrolla til Valley Girl, har lykkast betre med denne enn debutfilmen sin. Real Genius har mange gode vitsar og Kilmer viser seg frå ei god side. Handlinga som skal bygge opp spenninga etter kvart i filmen, er den delen der dette fell litt gjennom. Og sjølv om ikkje forventingane her var så høge, så trekk det ned at filmen utover i siste del, støttar seg så mykje til ei altfor føreseieleg utvikling.

God komedie, mindre god spenningsfilm. Ein film som byrjar bra, men ikkje klarar å køyre løpet ut.

6/10

Valley Girl (1983)

IMDb: 6.0/10 (4,784 votes)

Ein gong for lenge, lenge sidan, var Nicolas Cage ung. Året var 1983, då han debuterte i ei hovudrolle som Randy i ungdomskomedien Valley Girl. I 1982 hadde han fått skjermtid i Fast Times at Ridgemont High, og året før der igjen var han såvidt innom TV i Best of Times. Men med Valley Girl var han på plakaten for fullt.

Filmen omhandlar ein romanse mellom ei valley girl (Foreman) og ein fyr frå byen (Cage). Omgrepet valley girl oppstod kring ein stereotype middelklassejenter frå San Fernando Valley i California, og er ei type jente som mellom anna er oppteken av det materielle og er sjølvsentrert. Omgrepet har spreidd seg, men filmen tek plass i San Fernando Valley, dit Cage kjem i møte med Foreman på ein fest han og kameraten krasjar.

Romansen i vekst er den mellom to motsetnader, og i mellom dei står det meste av venner, uheldig trøbbel og eks-kjærastar. Det er altså duka for nok av intrigar, men dei to hovudrollane er diverre ikkje spennande nok personar til å gjere dette gripande. Til ei viss grad er stereotypane som Cage og Foreman portretterer ein artig observasjon i seg sjølv, men der filmen skal fange er det ei rift i garnet, og det blir like uinteressant som metaforane mine.

4/10

Bill & Ted’s Excellent Adventure (1989)

IMDb: 6.7/10 (29,161 votes)

For dei som har fylgd med pÃ¥ sidene, skreiv eg i samanheng med «The Night Before», ein komedie med Keanu Reeves i hovudrolla, frÃ¥ 1988, at «Bill & Ted’s Excellent Adventure» er ein av filmane der han blir sett mest pris pÃ¥, av folk flest. Og etter denne lange setninga som opning, skal eg heller kortfatte dei liknande tankane mine under plakaten.

To unge, dumme gutar ligg an til å stryke i historie på skulen. Viss dette skjer, vil dei bli skilde, og framtida vil stå i fare. Difor får dei besøk av Rufus frå framtida, i ei tidsmaskin forma som ein telefonkiosk, som gir dei tilgang til tidsreise for å lære mest mogleg nyttig før den siste, munnlege eksamen.

Tidsreise eller møte med historiske personar er ikkje nytt, heller ikkje så veldig spennande, og blir den store svakheita ved denne filmen. Styrken er dei to idiotane som tek så lett på heile greia, òg blir drive til reise gjennom historiske periodar motivert av å måtte stå i eit skulefag. Spesielt Keanu Reeves er som født for rollen sin, Ted, ein ungdom som manglar både vit og personlegheit. Alex Winter glir inn i omtrent den same rolla, som Bill.

Trass i at filmen handlar om to tullingar, og heller ikkje gjer den mest interessante behandlinga av historie, sit dei fleste replikkane som støypt, og råma for handlinga til filmen gir rom for mykje god toskeskap. Karakterane får fram at dei har gode intensjonar og aldri meiner vondt. Samt at komedien som ligg nær den typen som blir kalla stonerkomedie, er fri for dei verste tilfeldigheitene og meiningslause reisene som er forbunde med så mange stonerkomediar.

7/10

She’s Out of Control (1989)

IMDb: 4.9/10 (1,622 votes)

Doug er Ã¥leinefar og lykkast godt med bÃ¥de dette og jobben som radioprodusent. Dette endrar seg dÃ¥ eldste jentungen hans «over natta» gÃ¥r til ein vaksen stil og blir forvandla, frÃ¥ ei jente til ei ung, attraktiv kvinne. For Doug er dottera Katie eit barn, og han er fast bestemt pÃ¥ Ã¥ skytte ho frÃ¥ flokken unge gutar som ynskjer Ã¥ vere med ho.

«She’s Out of Control» ligg i grenseland nÃ¥r det gjeld Ã¥ vere ein ungdomsfilm, med Tony Danza som den eigentlege innehavaren av ei hovudrolle; faren Doug. Men med sÃ¥ stort fokus pÃ¥ dottera Katie og hennar møte med gutar, inkluderer eg den i kanonen.

Doug sitt forsøk på å halde Katie (Ami Dolenz) unna omverda, med dating og denslags, er overraskande underhaldande. Det fordi han følgjer råda til den noko spesielle psykologen og forfattaren Dr. Fishbinder (Wallace Shawn), og aldri framstår som den forventa mislykka gamlingen i forhold til dottera si.

At Katie vel å date gutar spela av Dana Ashbrook («Twin Peaks») og Matthew Perry («Friends») gjer det heile så mykje meir underhaldande.

6/10

Modern Girls (1986)

IMDb: 4.8/10 (414 votes)

Tre jenter vimsar rundt på nattlivet, frustrert over utvalet av menn, og oppførselen til dei mennene dei får kontakt med.

Med Cynthia Gibb, Virginia Madsen og Daphne Zuniga i spissen, og Clayton Rohner på slep, tek «Modern Girls» oss med på ein kveld på byen med fort vil gløyme. Har du ikkje oversikt over kva desse skodespelarane har gjort, overraskar det ikkje. Sjølv kjente eg igjen Zuniga frå «One Tree Hill» og Rohner frå ein anna ungdomsfilm eg såg kort tid tilbake.

Middels kjente skodespelarar er sjølvsagt ingen hinder, men dette er ein keisam film som går under middels fort framover, handlar om lite, og heller ikkje klarar å få på plass noko kjærleikshistorie eg vil heie på. Reint bortsett frå å tenke ut kor eg har sett skodespelarane før, i byrjinga av filmen, er dette tamt, og det har problem med å fylle dei 80 minuttane filmen varer.

Eg kom meg likevel gjennom utan å ta livet av meg, og det at eg ikkje reiv av meg håret må vel òg svare for noko. Kall meg gjerne raus, men det blir ein firar på skalaen, mykje grunna samanlikning med andre trear-filmar innanfor sjangeren.

4/10

The Night Before (1988)

IMDb: 6.0/10 (952 votes)

Winston vaknar opp i ei sidegate utan å hugse kva som har ført han dit. Når han byrja å utforske nabolaget og snakkar med folk, hugsar han bit for bit, og det gjekk ikkje akkurat roleg for seg.

Keanu Reeves fÃ¥r generelt sett mykje kritikk, enkelte pÃ¥stÃ¥r at han berre har spela i tre gode filmar: «Bill and Ted’s Excellent Adventure», «Speed» og «The Matrix». Eg har aldri hengt meg opp i dette, og har pÃ¥ langt nær sett alle filmane hans, eit krav for Ã¥ kunne sei noko verdt Ã¥ høyre pÃ¥.

I «The Night Before» spelar ikkje Reeves så bra, og endar opp med å bli ein keisam fyr i ei rekkje sprø hendingar som har funne stad i løpet av ein kort kveld. Det at han ikkje er ein person som er artig å følgje, gjer at dei fleste møta hans med trøbbel blir som små hinder før slutten, ein slutt du har lyst å nå fort.

Det kan likevel ikkje nektast for at det undervegs er nokre små gullkanta episodar, som eg gjerne skulle kunne røpe, men sidan eg ikkje er så stor fan av å lese avsløringar av dei beste scenene i andre filmmeldingar, skal eg unngå det her. Dessutan er Lori Loughlin med, og det er vel alt som er verdt å nemne.

4/10

Secret Admirer (1985)

IMDb: 6.0/10 (1,873 votes)

Michael har fått eit brev frå ei beundrarinne. Han håpar og trur det er Debbie, jenta han likar, og får den felles venninna Toni til å overlevere eit eige komponert brev. Så hamnar brev på avvege, og alt blir berre kluss.

Filmen si handling kan verke litt enkel, mykje på grunn av at me som publikum raskt skjønnar kven som har sendt det første brevet, og at forviklingane undervegs ballar på seg etter eit kjent mønster. Det som reddar «Secret Admirer» frå å bli ei tidtrøyte er ein slask i hovudrolla, til tider idiot og stein dum.

Michael (C. Thomas Howell) likar Debbie, trass i at ho ikkje er spesielt likande, sett bort frå eit pent ytre. Han er fullstendig fortapt i denne overflatiske forelskinga si, og overser alt anna. Så er det Toni (Lori Loughlin), som skriv om breva til Michael, dette snur utviklinga i ei retning som liva til desse ungdommane ikkje er meint å ta, ut i frå deira plassar i eit fiksjonunivers av denne typen. Men det er når breva som blir sendt rundt hamnar i fanget hjå foreldra til Debbie og Michael, og kjensler oppstår på tvers av ekteskapa, at filmen blir krydra med komisk augeblikk. Desse hindrar den i å gå seg tom i løpet av ein halvtime.

Kompleks, men ikkje fullt så kompleks likevel, kan filmen seiast å vere. Den leverer meir enn forventa, og det er nok til at den gir eit godt inntrykk. Dessutan er det morosam, og Lori Loughlin, er heller ikkje å fornekte. Undervurder aldri den søte jenta i amerikansk ungdomsfilm frå åttitalet. At Kelly Preston spelar akkurat same type jente, i same type rolle, som i «Mischief», ungdomsfilmen frå same årstal, er ein liten bonus for den sjangerinteresserte.

6/10

Adventures in Babysitting (1987)

IMDb: 6.4/10 (11,788 votes)

Første gong eg kom over plakaten til «Adventures in Babysitting» var eg rimeleg skeptisk til dette. Plakaten i seg sjølv er stilig, illustrert til og med, eit pluss i boka mi. Men tittelen, kva kalde grøss som gjekk nedover ryggen nÃ¥r augo las «babysitting».

Ein skal ikkje skue filmen pÃ¥ plakaten, eller tittelen for den del. Det som vippa meg over til Ã¥ sjÃ¥ filmen var godorda om Elisabeth Shue, formidla av rollefiguren til Coogan i «Hamlet 2», ein film som Shue gjesterollar som «seg sjølv» i.

Til filmen! Joda, Elisabeth Shue er fin å sjå på, og gjer ei grei rolle. Filmen er ikkje all verden å skryte av. Lenge består den av småtrøbbel utan interesse, ein form for «Home Alone»-light, og ikkje før dei siste minuttane blir dette i nærleiken av å nå den forma som Chris Columbus gjorde best med nettopp «Home Alone».

Alt i alt er dette ein middels film, som leverer for lite til Ã¥ bli verdt tida, men hentar seg nok inn igjen til at den blir vanskeleg Ã¥ skyve under midtkarakteren. SÃ¥ har eg i det minste lært meg Ã¥ like tittelen, og synst plakaten er fin òg, god — pÃ¥ Ã¥ttitalsvis.

5/10

My Bodyguard (1980)

IMDb: 6.7/10 (3,651 votes)

Clifford blir mobbeoffer på den nye skulen han byrjar på. Det tek ikkje lang tid før situasjonen eskalerer og han blir nøydd til å gjere noko med saken, og han bestemmer seg for å skaffe ei livvakt.

Når mobbaren blir spela av ein ung Matt Dillon og livvakta av Adam Baldwin, gjer det ingenting at unge Clifford er den heller ukjente Chris Makepeace, som for øvrig gjer ein god innsats i denne filmen.

Linderman (Baldwin) har vore fråverande frå skulen igjen, og over tid bygd seg opp eit rykte som både drapsmann og mental ustabil. Men som den einaste personen Moody (Dillon) er redd, ser ikkje Clifford nokon utveg om å overtale Linderman til å bli livvakta hans på skulen.

«My Bodyguard» er ein fin film om eit vennskap, og behandlar mobbeproblemet på ein tilfredsstillande måte ovanfor eit publikum som forventar rettferdigheit. Men mest av alt er dette ein underhaldande film på grunn av den tause, mumlande Linderman. For fans av TV-serien «Firefly» er det som å sjå karakteren til Baldwin derifrå, i ein fjern barndom. Dillon gjer det òg godt som mobbar, og blir eit med ein person du berre må hate. Det blir lite ved filmen som verkar å gå for langt i forhold til å fortelje ei historie, og det gjer at både vennskap og mobbinga får det fokuset som det bør.

6/10

The Secret of My Succe$s (1987)

IMDb: 6.1/10 (9,643 votes)

Ein ung, ferdigutdanna mann, flyttar frå ein gard i Kansas for å byrje i ein god jobb, i storbyen New York. Når han kjem dit blir han møtt av ei umiddelbar oppseiing, og må ty til ein fjern slektning for å sikre seg ein anna jobb, på det interne postrommet i bedrifta.

Michael J. Fox spelar den unge mannen, Brantley, som ikkje har tÃ¥lmod til Ã¥ jobbe seg heilt frÃ¥ botnen av og oppover i selskapet, som slektningen «onkel» Howard styrer. Nyutdanna frÃ¥ college innanfor forretningsdrift, har Brantley det som skal til for ein utfordrande kontorjobb i dei øvre etasjane, bortsett frÃ¥ erfaring.

«The Secret of My Succe$s» ligg nære å vere ei forviklingskomedie, Brantley tek etterkvart på seg ei ny identitet som styremedlem i selskapet, og lurer både sjefen på postrommet og onkelen sin. Og det er i grunn det filmen handlar om, å snike seg rundt for å gjere det ein brenn for, og samtidig måtte unngå å bli avslørt.

Filmen blir så god som det er av fleire grunnar. Den har fleire relevante poeng omkring tilsetjing i jobb, sett opp mot ynskje om at ein har erfaring, og kor langt ein kan komme ved å skaffe dei rette kontaktane eller utnytte eit kaotisk system, som her er eit uoversiktleg selskap. Michael J. Fox har utstråling og ein jordnær person som får Brantley til å verke akkurat passe truleg i rolla si. Ei blanding av humor og ei historie som kan motivere, fungerer godt i lag her.

7/10
1 / 41234