Win Win er ein litt sår film om nedturane i livet, forårsaka av folk rundt deg, men samtidig ei lettelse av at eigne tiltak ikkje er forgjeves. Men tredjefilmen til Thomas McCarthy er òg krydra med nok av lyspunkt til at Win Win heller blir ein film som gjer merksam på desse tinga enn å tynge deg med dei.

I det som er ein typisk Thomas McCarthy-film, ei blanding av kvardagen, drama og lun humor møter vi Paul Giamatti i hovudrolla som advokat Mike Flaherty. Mike slit økonomisk og tek på seg ansvaret for ein klient med demens mot 1500 dollar i månaden, men følgjer ikkje reglane då han sender klienten på gamleheim i staden for å ta vare på han i heimen. Like etter dukkar barnebarnet til klienten opp og Mike og kona må ta hand om han ei stund.
Eit forenkla samandrag kan formidle kjerna i forviklingane, men det er den naturlege interaksjonen mellom karakterane som er den verkelege styrka til filmen. Problema som dukkar opp er, eller føles iallfall som dei er utanfor kontrollen til Mike, med eit par ærlege unntak. Der ein forventar ei løgn kjem sanninga nølande fram, og små problem og ueiningheiter får ikkje dei største dramatiske løysingane.
Eg likte Win Win godt. Det er ikkje den umiddelbare hiten, men ein film som veks undervegs og der investeringa i Ã¥ følgje godt med betalar seg. EtterpÃ¥ sit eg igjen med inntrykk av Ã¥ ha sett ein film som skil seg litt ut i ein sjanger som ofte blir for tung, pÃ¥tatt komisk eller opphengt i Ã¥ samle palmeblad og slikt. Win Win var litt meir… naturleg.

Filmen er som hovedpersonen Finbar, litt knapp på dialog, men dette gjer at ein får god tid til å legge merke til det som gjer filmen så god og roleg: Fantastiske bildeutsnitt får ein til å føle ei god ro, samt av og til trekke på smilebandet. Men viss du er på jakt etter den type komedie som berre er ute etter å tene peng, Hollywood-komedie med sine punchlines, så bør du skygge unna. Humoren her er ikkje nødvendigvis intelligent, men den er nok meir retta mot den ettertenksame.