Batman Returns (1992)
tirsdag, august 5th, 2008
Oppfølgaren til Tim Burtons «Batman» frå 1989 med Michael Keaton er nok ein Tim Burton film med Micahel Keaton. Dei fleste spora frå forrige films handling er viska ut og det heile startar cirka like midt i kvardagen til Bruce Wayne som i «Batman».
Gotham City er fanga på film like mørk og dyster som Burton gjorde i 1989 og det er ingenting å utsette på det tekniske i heile tatt, kameraarbeidet fangar byen som ein eigen karakter og bidreg mykje til at dette blir ein mørk og ikkje komisk film. Intensjonane til Burton kan derimot vere andre enn eg forventa av «Batman Returns», viss tittel ikkje er meir enn eit kjedeleg salstriks, for eg blei litt skuffa over denne filmens forløp.
For det første framstår verken Max Shreck eller pingvinmannen som spesielt truande skurkar, mange av knepa deira mot flaggermusmannen framstår heller som sjofle triks enn forsøk på å rydde han fullstendig av bana, på den andre sida står Batman, neglisjert i store deler av filmen, som ein veldig svak motstandar og flat karakter. Når Batman spankulerar rundt i kostymet sitt som om han var brisen, halvt oppmerksom på ting som skjer rundt han, mistar eg litt av respekten for han som helt, for vegen til rydde pingvinmannen av dagen viser seg etterkvart å vere veldig enkel.
Sett bort frå desse svakheitene er det likevel nok med «Batman Returns» som gledar, tidlegare nemnte velportretterte Gotham City står som eit utmerka bakteppe, filmen har fleire sider som heng saman på ein (i ein slik samanheng) truverdig måte, utover siste delen blir det også spennande. Både Christopher Walken, Danny DeVito og Michelle Pfeiffer gjer godt ut av rollefigurane sine, sjølv om det i blant skrantar på handlingane desse figurane utfører.
Så, «Batman Returns» har utvilsomt nok av svake sider, men sluttresultatet er likevel godt nok til at eg let meg underhalde meir enn frustrere. Batman kunne utvilsomt vore tøffare, eg klarar likevel ikkje unngå å like filmen litt.
Før: Ei nyårsaftan for mangfaldige år sidan viste NRK «Edward Scissorhands», eg var nok ikkje meir enn 10 år den gongen, så eg berre bitar frå opplevelsen. I åra som fulgte fekk den plass som magisk i hukommelsen min, før den omsider blei heilt gløymt. Eg hugsar framleis at den fascinerte meg med skulpturane Edward klyppte i alle fasongar, at den gjekk innpå meg med si tragiske historie, kanskje difor har eg i ettertid skapt min eigen slutt på filmen som eg blei overraska over ikkje å gjennoppleve.
I går prøvde eg meg for andre gong på denne filmen, og fann den utruleg mykje lettare å sette seg inn i. Eg mistenke difor Jon Blund for å ha æra eine og åleine av å ha forstyrra meg sist gong.
For dei som ikkje har fått med seg historien tidlegare, så er det som skjer følgande: Leo Davidson er på eit romskip som forskar på elektromagnetiske stormar. For å utforske dei brukar dei spesialtrena apekattar for å finne ut om det er trygt å fly inn i stormane. Slik forsvinn ein apekatt, og Leo reiser utmiddelbart etter for å finne den, utan tillatelse frå sin overordna på romskipet. Han går også tapt i stormen, og blir sendt fram i tid der han hamnar på ein planet som apekattane er overordna menneske.
Typisk Tim Burton. Full i fargar, veldig spesiell scenesetting, god musikk og ei rar historie. Nokre likskapar med «Corpse Bride» er det, med tanke på døde folk. Det viktigaste er i grunn at dette er god underhaldning.
Litt morosam var den, litt lang, og sjarmerande amatøraktig. Mange kjente ansikt som trekker opp filmen. Utan desse folka ville eg nok ikkje ha tenkt på å sjå den eingong. Konklusjonen er grei: Dette er ikkje ein må-sjå film.
Frå same år som det var OL på Lillehammer kjem dette gode portrettet av Ed Woods liv. Tolka av Johnny Depp, følger me Ed gjennom byrjinga av karrieren hans.
Ein grei familiefilm rett nok, men det er ikkje lagt nok inn i dataanimasjonen her til at eg føler eventyrverden (les: fabrikken) klarar å omfamne meg. Johnny Depp spelar som oftast godt, men Freddie Highmore som vesle Charlie er meir imponerande å følge. Så ung, men likevel så truverdig. Alt i alt ein film du bør ha sett frå 2005, men ikkje topp 10 materiale hjå meg.
Tim Burton leverar ein fin animert/modellert film med gjennomført musikk, setting, stemmer og karakterar, men ei historie som eg ikkje finn så altfor interessant. Har du uansett sansen for Burtons arbeid, så vil du nok like dette.