Også kjent som «Night Watch». Eg kan skjønne at dette vil appellerere til enkelte personar med sin mørke historie og fancy effektar, men klarte ikkje heilt å følge handlinga og dei fancy effektane i ein slik samanheng gir meg ingen spesiell glede. At det er ein russisk film ser eg ikkje som noko problem eller pluss, dette kunne ha vore japansk, indisk eller amerikansk utan å ha gjort saken betre.
Tøff musikk, vampyrar, ei historie med grunnlag i middelaldersk kamp mellom det gode og onde, mørkt blod og ‘andre’ (spesiell type folk) med spesielle emner er ingrediensane til filmen. Høyres dette bra ut sÃ¥ er det kanskje verdt Ã¥ sjekke ut filmen, eg hadde hÃ¥pt den skulle vere meir original enn som sÃ¥, og vart difor litt skuffa.
