30 Rock sesong 1

21 episodar.

30 Rockefeller Plaza i New York, også kjent som The Rockefeller Center, er bygningen der NBC Studios ligg. «30 Rock» er ein komedie om liksom-tv-showet «TGS with Tracy Jordan» med Tina Fey og Alec Baldwin i hovudrollane. Tina Fey spelar Liz Lemon som er produsent for tv-showet, Alec Baldwin er sjefen hennar igjen og Tracy Morgan spelar Tracy Jordan.

Komedien som er av typen on-location, det vil i dette tilfelle også bety fri frå slitsomme latterboksar, har fleire med bakgrunn i humoristiske talkshow og bl.a. «Saturday Night Live» med seg (framfor kamera) og handlar også om eit sketsjprogram. Sjølv om eg verken er fan av sketsjprogram, dei fleste av innslaga i f.eks. «MadTV» er røbbisj, eller liksom-sketsjane på «TGS» er spesielt gode, så er faktisk serien «30 Rock» relativt habil. Fey er ei energisk dame og Baldwin tilfører serien mykje positivt med nærveret sitt.

Litt tid tok det før eg kom inn i varmen med både karakterane og opplegget rundt, men serien har akkurat nok med driv gjennom episodane til at ein får ei tilknytning til personane etter kvart, noko som igjen gjer at den legg seg på eit bra humoristisk nivå. Her er det nok variasjon i mellom dei episodiske hendingane til at eg ikkje går lei, så når det attpåtil er korte episodar på (vanlege) 23 minuttar så går dette unna.