Starsky & Hutch (2004)

IMDb: 6.2/10 (44,852 votes)

168starsky_and_hutchEin herleg og enkel, frisk komedie med Ben Stiller og Owen Wilson. «Starsky & Hutch» er ein av desse filmane med desse to som lykkast i å dit hen å basere seg på to over toppen karakterar, og med endå drygare innslag av desse som utkledde spanarar. Sett til eit fargerikt 1970-tal og med eit funkprega lydspor har «Starsky & Hutch» det som skal til for å danne ei lett og lystig stemning, og er på langt veg der ein komedie som ikkje støttar seg til alvorsstunder for å framheve humoren, kan vere. Ein film blant dei rosverdige av the fratpack.

7/10

Old School (2003)

IMDb: 6.8/10 (23,785 votes)

Old SchoolDagens andre frat pack film er ikkje så dum den. Faktisk ein rimeleg god komedie med akkurat den rette porsjonen faenskap av dei 30-år gamle ungdommane Mitch, Frank og Bernard, spelt av Luke Wilson, Will Ferrel og Vince Vaughn.

Plottet går ut på at Mitch må starte opp eit college brorskap for å kunne inneha den nyleigde huset sitt, enkelt og greitt. Ispedd drikke, unge damer og ein rektor i nakken blir me med i ei berg og dalbane av forhold og kampar for tilværelsen.

Hysterisk morosamt er det diverre ikkje anna enn eit par plassar, men det meste av filmen får ein til å trekke godt på smilebåndet og det er ingen tvil om at «Old School» leverar det ein komedie i denne sjangeren skal.

7/10

Starsky & Hutch (2004)

IMDb: 6.4/10 (4,976 votes)

Starsky and HutchGanske morosam komedie. Fleire blinkskot. Bra skodespelar-combo.

7/10