Filmdagbok
ness
29-jul-2007

Welcome to the Dollhouse (1995)

User Rating: 7.3/10 (8,799 votes)

Welcome to the DollhouseSkeptisk til kva Todd Solondz skulle by på denne gongen gav eg meg i gong med filmskaparen sin andre film, ein dramakomedie frå 1995.

Solondz har det med å ta opp seriøse tema som ofte involverar barn, rare folk eller seksualitet, eller alle tinga samla. «Welcome to the Dollhouse handla om utskotet Dawn som nettopp har starta på junior high school. Verken familie, lærarar eller medelevar ser ut til å bry seg særleg om ho. Det hjelp heller ikkje at ho er eit godt stykke i frå å vere pen. Mangel på det ein kan kalle ekte kontakt hjelp ikkje når ho er i byrjingsfasen av identitetsskapinga si.

Greia med både «Happiness» og «Palindromes», dei to andre filmane til Solondz som eg har sett det siste halvannan året, er at dei klarar å skape eit misbehag i måten tema blir utforska på. Slik regissøren sikkert vil. Denne filmen går i same retninga, men går heldigvis ikkje så langt, og blir liggande nærmare rar enn ubehageleg. Ein lettelse, ettersom eg synst dei andre filmane gjekk litt langt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-nov-2006

Palindromes (2004)

PalindromesUser Rating: 6.9/10 (2,584 votes)

Todd Solondz skremmer meg. At han var mannen bak Happiness fann eg ikkje ut av før etter å ha sett denne filmen ferdig, men no fell alle brikkene på plass.

Temaet som går igjen i desse filmane er pedofili og seksualitet. Eg skal ikkje dra noko større samanlikning mellom filmane, ettersom det ikkje vil vere noko poeng, men går rett på sak med «Palindromes».

Aviva er tretten år og har lyst på barn og familie. Ho går ganske langt for å oppnå dette. Gjennom filmen blir Aviva spelt av sju ganske så forskjellige skodespelarar, noko som gjer den første delen av filmen vrien å sjå samanhengen i. Etter kvart blir det ein vanesak. Det som derimot aldri kan bli ein vanesak er alle dei rare folka Aviva møter. Spesielt familien Sunshine som har adoptert 10 fysiske eller psykisk hemma ungar, og oppfører seg som den typiske amerikanske familien frå ein komedie satt til 1960-talet, er verdt å nemne. Ein opplevelse!

Filmen er veldig nærgåande, kanskje i overkant av ærleg, noko som gjer den både ubehageleg og komisk. Den touchar viktige problem i fleng og blir soleis meiningsfull. Men det heile kjem tilbake til det ubehagelege ved å sjå filmen.

Eg vil sei det er ein god film som gjer inntrykk, men som eg ikkje likte nettopp på grunn av det utiltalande temaet. På ei anna side likte eg filmen, for den er eit godt stykke arbeid. Måten den blir gjennomført på har eg aldri sett før. Det litt uoversiktlege med forskjellige Aviva-er gjenspeglar tankane mine om filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-apr-2006

Happiness (1998)

User Rating: 7.7/10 (14,132 votes)

HappinessEg må ærleg innrømme eg ikkje likte denne filmen i heile tatt. Den var rett nok anbefalt via IMDb forumet til filmen «Me and You and Everyone We Know», og består av gode skodespelarar som Philip Seymour Hoffman og Lara Flynn Boyle, men den er for ekkel og rar, som i negativt rar. Dette kan ha ein del med fokusering på sex, som i pedofili og valdtekt. Eit tema som ikkje akkurat er særleg koseleg. Alt i alt gjorde dette så stort inntrykk i filmen, at eg vel å sjå vekk i frå alt det andre.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10