Sjølv om eg fekk sansen for at Larry Crowne prøver å vere laidback voksenkomedie, så blir Tom Hanks vs. Julia Roberts for anstrengt til å vere kult.

Sjølv om eg fekk sansen for at Larry Crowne prøver å vere laidback voksenkomedie, så blir Tom Hanks vs. Julia Roberts for anstrengt til å vere kult.

10 episodar.
Variasjon.
Måtane å starte på når eg skal skrive om «Band of Brothers» virkar å vere like mange som soldatar i Easy Company, den enkle utvegen blir å kalle serien ei lengre skildring av eit enkelt kompani sine kampar under 2. verdskrig, men eg vil først og fremst vektlegge følgande i opningsavsnittet: ei bemerking av variasjonen dette ti episodars lange krigsrelaterte tv-produktet står for.
HBO sin kritikarroste, prisvinnande og godt mottekne serie blant publikum er enkel å skryte over: «det er den beste serien eg har sett», «det ser så utruleg bra ut», «dette er kvalitet», «eit hav av gode skodespelarar bidreg til å gjere dette like interessant med samansetning under lupa som med historie», kanskje. Eg vil helst ikkje trekke fram noko som står seg ut som betre enn alt det andre, eg vil og passe meg for å sjå enkeltdelar opp mot andre. Når eg no er fullstendig klar over at eg vil bruke ein av dei mest slitne metaforane er eg ikkje mindre i tvil om at alle puslebitane i lag utgjer det store bilde.
Så var det variasjonen, som er like naturleg som utviklinga i Easy Company si krigshistorie, handtert på ein måte som gjer at serien ikkje sler seg til ro og ikkje skapar tryggleikskjensla ein forventar i seriar. Ti episodar består av den hardaste opptreninga, dei blodigaste kampane, dei tyngste dagane og dei verste avsløringane. Intensiteten kan kjennast på kroppen i fleire av hendingane, skildringane er på høgde med det beste på film, mitt forhold til krigsfilm gjer samanlikningane begrensa, eg kan i skrivande stund trekke fram kinesiske «Assembly» som einaste kampskildring i røffe, skitne stil. Episodane eller delane, spreidde over åra 1942-1945, er enten fortalt frå ein allvitande ståstad eller frå enkeltsoldatar som har overlevd og levd lenge nok til å dele historiane sine med Stephen Ambrose, forfattaren av boka serien er basert på. Variasjonen ligg ikkje berre i situasjonane, forteljarstilen endrar seg frå del til del og får oss til å sjå både folka og relasjonane på mange måtar.
Miniserien, eller den avsluttande serien har ein fordel at den kan behandle karakter med større fridom enn som enten gjesterolle eller fast. I «Band of Brothers» vil enkelte ansikt utmerke seg meir enn andre over tid, Damian Lewis og Ron Livingston går oftast igjen og utgjer ei slags kjerne, men kan like fullt hamne i bakre rekke når andre soldatar har viktige historiar. Denne måten å sjå ein serie på er uvant for meg, eg likar å ha oversikt over eit persongalleri, gjerne med ein, eller få i dei sentrale rollane som går igjen. «Band of Brothers» er ikkje fullstendig anarki, men krev litt ekstra, her blir gruppa av folk variert over tid, folk du knapt la merke til i starten står igjen seinare, og motsett. Samholdet er hovudrolla.
Ikkje alt går like inn på meg, nokre episodar er litt lange, mens andre er hypnotiserande gode og føles altfor korte. Eg kan vel så godt like dei dialogfrie, kulepeprande kampane som kalde nedgongstider og set pris på at dette ikkje er ti timar med formål om å vise halsbrekkande og påkosta kampar, men også nærgåande og dramatisk, med fokus på ulike sider ved samhold av soldatar i krig. Å kalle «Band of Brothers» den beste serien eg har sett som eg gjorde innleiingsvis var ikkje sant, det er ein god serie eg blei litt hekta på, men for å sette det i perspektiv har eg blitt meir hekta på betre seriar, det har med interesseområde å gjere. Å kalle dette kvalitet er heller ikkje uproblematisk, for kva er kvalitet?