Californication sesong 1

12 episodar.

CalifornicationVulgær serie om ein suksessrik forfattar som har køyrt dødt løp ei stund og driv dank på austkysten med sigaretten i eine handa og whiskeyen i andre. Den kjente stereotypen, vår alkoholiserte forfattar, er utgongspunktet for Hank Moody, men sjølv om han på si side er tragisk er han festleg å følge med på og ein fin variasjon av forfattartypen, ein sterk karakter som gir «Californication» eit godt grunnlag. Dette åleine er ikkje nok for å skape ein ultimat serie, heldigvis har «Californication» andre godbitar på lur, ein skalla agent er ein av dei tinga som veks seg til etter kvart, ein smart tone i avslappa utførelse skapar ei unik stemning.

SÃ¥ mykje som eg likar det David Duchovny gjer ut av seg her, den flotte og skarpe kritikken som dukkar opp i form av smÃ¥ handlingar eller skriveri, tv-produsentane bak serien som ikkje er redd for Ã¥ vise litt naken hud pÃ¥ ekstra vulgært vis, sÃ¥ blir det aldri tent noko gnist i meg nÃ¥r eg ser dette. «Californication» er morosamt Ã¥ følge med pÃ¥, enkelt Ã¥ bli hekta pÃ¥, men for meg blir det liggande litt grunt. Dottera til Hank Moody er ein av faktorane som vinglar mellom «kult innslag» til «litt vel mykje», eg skal ikkje pÃ¥stÃ¥ at det ikkje finst smarte unge jenter som ho, men mÃ¥ten ho reflekterar og kommenterar dei mange observasjonane sine fell aldri i smak.

Forutan dette har eg lite spesifikk å gripe fatt i, eg veit berre at tross alt som fall litt skeivt på plass her så er eg interessert i å ta opp igjen tråden ein gong i framtida. Ingen gullpenn på «Californication», men vel verdt å bite seg merke i blant dramakomediar i halvtimesformatet, og eit fint tillegg i Showtimekatalogen.