Vår venn frå «The Final Chapter» og «A New Beginning» får lov til å vere med her også, heller ikkje filmskaparen klarar å bevare særlege likskapar i karakteren som igjen blir spelt av ein ny skodespelar. Jason er tilbake og begynnar verkeleg å ta av, frå her og utover blir gjennopplivingane villare . Filmen tek for seg leirinstruktørar igjen, har med politi som prøver å undertrykke legenda Jason. Morosamt er det at Crystal Lake har bytta namn til Forest Green for å understreke poenget til politimannen, når namnet igjen er Crystal Lake i neste film finst det ingen grunngjeving for det.
