My Bodyguard (1980)

IMDb: 6.7/10 (3,651 votes)

Clifford blir mobbeoffer på den nye skulen han byrjar på. Det tek ikkje lang tid før situasjonen eskalerer og han blir nøydd til å gjere noko med saken, og han bestemmer seg for å skaffe ei livvakt.

Når mobbaren blir spela av ein ung Matt Dillon og livvakta av Adam Baldwin, gjer det ingenting at unge Clifford er den heller ukjente Chris Makepeace, som for øvrig gjer ein god innsats i denne filmen.

Linderman (Baldwin) har vore fråverande frå skulen igjen, og over tid bygd seg opp eit rykte som både drapsmann og mental ustabil. Men som den einaste personen Moody (Dillon) er redd, ser ikkje Clifford nokon utveg om å overtale Linderman til å bli livvakta hans på skulen.

«My Bodyguard» er ein fin film om eit vennskap, og behandlar mobbeproblemet på ein tilfredsstillande måte ovanfor eit publikum som forventar rettferdigheit. Men mest av alt er dette ein underhaldande film på grunn av den tause, mumlande Linderman. For fans av TV-serien «Firefly» er det som å sjå karakteren til Baldwin derifrå, i ein fjern barndom. Dillon gjer det òg godt som mobbar, og blir eit med ein person du berre må hate. Det blir lite ved filmen som verkar å gå for langt i forhold til å fortelje ei historie, og det gjer at både vennskap og mobbinga får det fokuset som det bør.

6/10