For første gong tok eg meg tid til å sjekke filmprogrammet til kabelkanalen Showtime, og fann til stor overrasking ein film som kunne vere ein god film. God poengsum på IMDb, solide namn på bak og framfor kamera, eg kunne ikkje gjere anna enn å sjå ein heil film på denne kanalen.
«True Romance» er ein romantisk thriller med blod og humor, det er ein smart film om film og vegen til lykke. Hovudrollane våre Clarence (Christian Slater) og Alabama (Patricia Arquette) rotar seg opp i ei alvorleg narkotikasak og får det verste krimsyndikatet på nakken. Men dei er så forelska at alt som skjer ikkje er meir enn ei lita hindring på vegen til å slå seg ned og leve lykkeleg saman.
Det som gjer denne filmen verdt å sjå er at den er tettpakka med god dialog, likandes skurkar, kjente ansikt av den gode typen, og masse historie heile vegen. Det er ikkje ein film du stoppar og tenker deg om kva som vil skje til slutt, for handlinga undervegs er det einaste som betyr noko. Klarar ein å oversjå alt som bryt med god etikk så kan eg ikkje sjå anna enn at dette er eit godt stykke valdeleg film. Noko av det beste eg har sett som er skrive av Quentin Tarantino iallfall.

Når eg leita rundt i Filmdagbok i dag etter innlegg eg kunne lenke saman, fann eg ut at eg hadde gløymt å skrive om «Top Gun». Eit bevis på at glippar kan skje.