10 episodar.
I beste «Sky Captain and the World of Tomorrow»-stil gjer eg litt ekstra ut av oppsummeringa omkring haustens «Top Gear», trykk på bilde for større versjon. Serien beviser stadig seg å vere det beste programmet innan talk show/dokumentar/underholdning/sport, og dei nyaste episodane er ingen unntak. Også i år har «Top Gear» vunne pris for å vere beste aktualitetsprogram utan manus, sjølv om dei som følger med veit at dette ikkje stemmer, då dei har annonsert opp til fleire gonger at dei har papir å halde seg til.
Afrikatur, tilbakekomst av amfibiebilane, Bugatti vs. Eurofighter, bubilrace, test av eldre Leylandbilar, nye Fiat 500 vs. tullingar på sykkel, båt vs. offentleg transport vs. bil vs. sykkel gjennom London, David Tennant som gjest. Dette er berre smådeler av sesong 10, der ingen av episodane skil seg ut som dårlege, men heller ingen ser ut til å vere for like i tråd med tradisjonell «Top Gear»-oppbygging.
Meir «Top Gear» blir det til våren/sommaren, i mellomtiden blir det vanskeleg, om ikkje umogleg, å fylle holet i timeplanen med noko som er i nærheit av å vere så bra innan same sjanger.
6 episodar.

Så var nok ein sesong av den forrykande gode bilspesialen over. 6 episodar er lite, men det gjer seg med to rundar i året. Og med tanke på at kvar episode kostar ca 500.000 britiske pund å produsere, så skal ein ikkje klage på det. For å sette dette i perspektiv kan det seiast at vanlege tv-seriar i snitt sender 1 av 20 filma minutt, mens «Top Gear» sender 1 av 500 film minutt. Nokon produksjonsgodar får dei når dei har rundt 350 millionar sjåarar over heile verda.
Nok tal og over på kva denne sesongen bydde på. I korte trekk er det som før, ei blanding av mykje fart og god humor. Ein av episodane var laga som ein samanhengane road-trip spesial frå USA. I andre episodar blir toppfarten til Bugatti Veyron testa, Simon Pegg og Hugh Grant er blant gjestene som dukka opp i ein fornuftig prisa bil, og det skal lagast romrakett av ein britisk trehjuling. Dette er berre ein brøkdel av det som føregår i sesong 9.
Så gjenstår det berre å vente til mai/juni og nye episodar. Det er alltid like kjipt når ein sesong er ferdig. Når det ikkje ser ut til at desse ville og barnslege vaksne gutane har tenkt å gi seg, så kan eg klare å vente.
8 episodar.
Top Gear har aldri vore den serien som har hatt flest program i løpet av ein sesong, og det blei slik denne sesongen og. Elles er det ikkje noko spesielt annleis med denne sesongen enn dei andre. Litt nytt er komme med, som at dei har fÃ¥tt ein eigen Top Gear hund, som ikkje gjer noko. ‘Star in a reasonable priced car’ er oppdatert, og opningssekvensen har blitt fornya. Det same kan seiast om studio og, men alt dette er berre mindre endringar som ikkje forandrar noko pÃ¥ grunninnhaldet i programmet, nemleg røffe bilar og rask køyring. The Stig er framleis The Stig, og dei tre programvertane kranglar framleis sÃ¥ busta fyk med jamne mellomrom.
Skal eg få rette litt kritikk så kan eg seie at eg har merka ein liten nedgong i nyskaping. Som eg skreiv så blir det ein del krangling, og den er ikkje alltid like godt gjennomført. Alt står sjølvsagt i manuset, så det kjem ein del an på skodespelarferdigheitene til vertane, og den er ikkje så sterk. Hadde dei fokusert meir på bil, og litt mindre på det, så hadde eg vore fornøgd. Heilt utan spøkar må det sjølvsagt ikkje bli, det er jo det som gjer Top Gear til Top Gear.
6 episodar.
Nok ein god sesong med Top Gear, men kanskje litt vel kort. Episodane er tvers over godt underhaldande, og har høg gjensjåingsverdi.
12 episodar.
Det beste bilprogrammet leverar nok ein god sesong!