Filmdagbok
ness
06-des-2006

Little Miss Sunshine (2006)

Little Miss SunshineUser Rating: 8.1/10 (17,441 votes)

Svært så etterlengta ei stund no, etter å ikkje ha fått den med meg på kino, fekk eg endeleg sett Jonathan Dayton og Valerie Faris sin road trip film. Med utgangspunkt i å ha høyrt soundtracket utallige gonger, ein draum og eingong å eige min eigen VW Bus og med Steve Carell som for tiden ein av dei mest interessante skodespelarane hadde eg eit godt utgangspunkt før eg satte meg ned. Forhåpningane var nærast skyhøge.

Familien Hoover er av den typen som ikkje fungerar så godt i lag, men som likevel fungerar. Når dottera Olive reddar seg ein plass i skjønnheitskonkurransen Little Miss Sunshine fører omstendigheitene til at heile familien som inkluderar ein bestefar som har starta med heroin, ein onkel som akkurat har forsøkt å ta livet av seg, ein bror som ikkje snakkar og ein far som er oppslukt i sin eigen ide om at den idealistiske måte å leve på er etter ni prinsipp, må komme seg frå New Mexico til kysten av California i ein knapt funksjonabel Volkswagen.

Ta familie og road trip og legg det saman, og det heile høyres eigentleg ikkje så spesielt ut. Men «Little Miss Sunshine» klarar å skape den godstemninga som eg alltid er på jakt etter i dramakomediar, ein måte å vere morosam i det alvorlege og absurde, og alvorleg i det morosame på. Mykje er takka vera det fargerike karaktergalleriet på, men også situasjonane som oppstår er både lunt humoristiske og innimellom litt triste.

Musikkbruken er ikkje så stor som eg trudde den skulle bli, men det er bra, for det blir desto betre når det først blir brukt. Eg hadde aldri sett for meg at misseshowet skulle bli så skrudd, likevel om det var ganske så klart at Superfreak (remix) av Rick James høyrte til der. Eit hysterisk morosamt stykke film der altså. Med tanke på at Dayton og Faris har fleire musikkvideoar for blant anna The Smashing Pumpkins, Red Hot Chili Peppers, R.E.M og Travis. Så er det ingen tvil om at dei får bilde til å stå i stil med musikken.

Eg storkoste meg med filmen, og fekk i grunn akkurat det eg hadde forventa meg. På eit par punkt mangla den kanskje litt gnist, men nydeleg er den heile vegen. Med så mange sider ved filmen som spelar inn på synet mitt, så klarar eg eigentleg ikkje å gi eit objektivt syn på den, men det må vere lov!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10