Veronica Mars sesong 2
22 episodar.

Av dei tre sesongane «Veronica Mars» har eg lenge forsøkt komme fram til ein favoritt, utan hell. Dei er alle knakande gode, om enn forskjellige nok til at eg ikkje klarar å velge bort to til fordel for ein.
Den gongen eg fulgte med på «Veronica Mars» regelmessig ein gong i veka låg det store forventingar til sesong 2 før premieren, mordmysteriet som var den sterkaste raude tråden i første sesong var blitt avslutta, spørsmålet var om det kunne komme eit nytt mysterie, like smart og godt fletta inn i episodane. Etter eit par uklare opningsepisodar openbarte ikonmysteriet seg i form av eit alvorleg busskrasj som fekk meg til å sitte igjen med klumpen i halsen. Allereie her viste serien å ha utvikla seg i meir dramatisk og vaksen retning. Når eg no sit og reflekterar over kva eg har sett er det naturleg for meg å tillegge litt ekstra i favør av ferske erindringar, drapet på Lilly Kane som var senteret for seriens første 22 episodar i lag med andre mindre og viktige trådar, var jo vel så alvorleg, om ikkje så omfattande i folketal. Det er ikkje her det største skiljet i sesongane ligg. Vidare utover i desse 22 nye episodane vitnar me fleire mørke handlingar enn tidlegare, eg tenker på blodskalde drap og egoisme utan like.
Strukturen er som før, Veronica får stadig nye saker å løyse frå medelevar og litt kjem sjølvsagt frå farens, Keith Mars, etterforskingsbyrå. Busskrasjet er det ultimate målet som mange andre mørke historiar som står på eigne bein også bidreg til å auke detaljkunnskap rundt. Sesong 2 innheld eit hav av informasjon som krev at ein held tunga rett i munnen undervegs, denne informasjonen fører Veronica og Keith sikksakk framover, det er ikkje lett når halve byen har mørke hemmelegheiter. Samtidig har du også mindre rollefigurar som har det med å dukke opp igjen i ein eller fleire episodar etter dei fekk sitt eige problem løyst av Veronica, dette gir spesielt skulemiljøet ei ekstra djubde og framstår ikkje berre som tomme kulisser der handlinga går føre seg.
Godorda om serien er mange, balansen mellom å vere ei utfordring, stadig overraske, pirre med å gi berre ein smak av enkelte problem som seinare kan dukke opp igjen som viktig i det store bilde, nytte klassiske highschoolproblem i smart innpakking, vere alvorleg og tankevekkande, spiss på sarkasme. Eg kunne fortsatt, men eg vil ikkje gjenta meg sjølv for mykje frå det eg skreiv om 1. sesong.
«Veronica Mars» har det med å bruke karakterane sine som det passar seg, noko som resulterar i at enkelte blir skyvd litt i bakgrunnen når det ikkje er utvikling rundt dei. Ei samanlikning mellom dei faste på rulleteksten og kor mykje skjermtid dei får bekreftar dette, igjen er det den samla sesongen som står igjen som vinnaren, då det blir tid til å føre dei interessante historiane framover og styre serien unna den repeterande kjærestejakta i den grad mange andre ungdomsseriar dreiar seg om dette, «Veronica Mars» har dette og, det er ikkje poenget mitt. «Lost» er prakteksempelet på at for lite av kvar enkelt rollefigur kan bli frustrerande, difor blir det viktig å påpeike at «Veronica Mars» har sitt eige ensemble av kjernekarakterar som er med i større grad både på skjerm- og kjenslenivå.
Som om det var tvil her og, «Veronica Mars» er ein serie eg fullt ut anbefalar. Den gir veldig mykje tilbake for tida den brukar på å utfolde seg, mitt gjensyn med også denne sesongen bygg under bilde av serien som ettertida har vore med å forme.
Som bonus heilt på tampen vil eg nemne at Kevin Smith og Joss Whedon gjer kvar sine gjesteopptredenar i løpet av sesongen. Charisma Carpenter og Alyson Hannigan (begge frå tidl. «Buffy») gjer tilbakevendande rollar. Ja, serien er generelt stappa med synlege, verbale eller idebaserte referansar til populærkultur Rob Thomas ser ut til å sette pris på. Dette er jo spesielt gøy når ein kan snappe opp noko sjølv, og gjer gjensyn kjekkare om ein har sett noko sidan sist som kan dukke opp her.

«Veronica Mars» blir beskrive som ein dose Buffy og Bogart med eit hint av Nancy Drew, ingen dum måte å sei det på, om kanskje litt for forankrande. Rob Thomas har laga ein serie som rett nok har ei sterk kvinneleg hovudrolle, i stor grad er inspirert av film-noir og handlar om detektivar framandgjort av samfunnet rundt seg, men han har gjort så mykje meir.
Ingen god dramaserie kan overleve på ein karakter åleine, Veronica Mars har ein far som er detektiv og mange tidlegare venner frå den rike delen av Neptune, som av zipkoden 090909 går under “the 09ers”. Tidlegare venner er ungar av folk som har utstøytt faren hennar enn han trakka skeivt som sheriff i eit mordmysterie året før serien utspring. Mordet blei aldri løyst, iallfall har Veronica og delvis faren sterke tvil til utfallet og pågripelsen som blei gjort, men trådane er mange og lause. Veronica meinar offeret, som var hennar beste venninne, fortenar sannheita.
Mordmysterie går som ein raud tråd gjennom heile første sesong, der enkeltepisodar varierar mellom mindre saker og “den store etterforskinga”. Serien har også eit anna hovudmysterie, samt fleire mindre saker som går over fleire episodar. Framgangsmåten er optimal for formatet, den gode balansen mellom nye ansikt med problem og hovudmysteria gjer at spora ikkje blir trakka opp igjen eller “den store etterforskinga” ikkje blir langdryg. Eg reknar med at fleire av enkeltsakene Veronica tek på seg har likheitstrekk når ein studerar det nærmare, men måten etterforskingane her går fram; finne spor, bygge saker og sidan avsløre, er stadig full av uventa twistar kontra sjølvsagte aha-moment - ein aldri veit kva som ligg på lur!
Eg har sett den komplette «Veronica Mars» serien før, tre sesongar lang, difor har eg hatt god tid til å la enkelte inntrykk synke før eg starta på igjen. Største overraskelsen ligg i kor mykje eg hugsar, tross dei tre åra som har gått sidan eg sist såg desse episodane. «Veronica Mars» var ein av dei stabile seriane, som veke etter veke holdt godt nivå, beholdt spenninga og gav meirsmak. Slik var det å sjå igjen første sesong - som ein serie med god fordeling av hard kriminalitet og highschool over heile linja, og som berre blir betre utover andre og tredje sesong.
Den kanskje sterkaste nykommaren i fjor haust har no runda av med sin første sesong, og det med stil. Tidlegare blei det kjent at «Heroes» ikkje akta å gå i den såkalla «Lost»-fella. Med dette meinast at den ville unngå å pøse på med spørsmål og mysterium som aldri blei gitt svar på, eller komme med nye trådar som sakte forsvinn som det var gløymte. Utan å gå for mykje innpå det vil eg for ordens skuld trekke fram «The Sopranos» som ein anna serie som sluttar trådar rett som det er, denne serien si unnskuldning er at slik er livet, det same kan vel ikkje seiast om «Lost». For å unngå fella bestemte skaparane bak «Heroes» seg for å gi første sesong ei avslutning på sesongen sitt største spørsmål, vil New York gå i lufta? Er framtida forhåndsbestemt? Er det noko det er mangel på i mange seriar så er det verdige avslutningar. No vil «Heroes» fortsette til hausten igjen, takk og lov, og det aller viktigaste ved serien, menneska med overnaturlege eigenskapar, vil nok fortsette å vere i hovudsete. Så, alt dette snakket om ei verdig avslutning, det må innebere at eg har likt det eg har sett ved sidan av. Serien har for det meste halde høgt tempo, dog eit par skuffelsar har det vore innimellom, men det byrjar å bli ei stund sidan sist. Måten «Heroes» imiterar teikneseriar i både stil, karakterar og oppbygging gjer sitt til at eg likar dette ekstra godt.
Spikarane i kista er nesten satt alle saman. Det har komme offisielle uttalelsar om at serien er kansellert, men The CW har likevel satt frista til 15. juni kor vidt serien faktisk vil bli borte frå skjermen i framtida. Trist, men la oss heller sjå på dei lyse sidene. Tre sesongar med utmerka god tv blei det. Usikkerheiten omkring oppfølgelsen til den avsluttande historia første sesong bydde på var tilstades, men så kom andre sesong og feia all tvil til sides. Den tredje og siste sesongen har vist klare endringar frå skaparane si side. Me har forflytta oss til college, og atmosfæren til heile serien viser seg å ha tatt eit solid steg mot å bli meir vaksen. Det er mørkare, meir alvorleg enn tidlegare. Strukturmessig har også «Veronica Mars» gått frå å ha ein raud tråd gjennom heile sesongen til å ha fleire mindre historiar fletta saman som strekker seg over eit mindretal episodar, ved sidan av det vante innslaget med eit problem her og der. Årsaka til dette kan vere usikkerheita frå skaparane om det blei ein heil eller halv sesong, at det blir enklare for andre enn den harde kjerna å følge med på i blant, eller rett og slett ønske om endring. Det fungerar iallfall ganske bra, resultatet blei nok ein sesong med det som etter kvart har utvikla seg til å bli den mest stabile serien eg har fulgt på eit vekeleg basis over 3 år. Eg er sjølvsagt skuffa over at The CW har beslutta å gi opp, men var mest glad for at dei ikkje gjorde det tidlegare. Grunnen til at eg forventa det var ikkje at «Veronica Mars» er dårleg på nokon måte, men kanskje heller for bra for den typiske tv-tittaren.
22 episodar.
22 episodar.
Comments Off