Gone with the Wind (1939)

IMDb: 8.1/10 (56,091 votes)

Den har blitt kalla prototypen på blockbusterfilm, stod ubeseira på Oscarfronten med 8 belønningar i 20 år, skal visstnok vere filmen med mest solgte billettar i USA og ligg på dei fleste prestisjetunge topplistene (AFIs mellom anna). «Gone with the Wind» har definitivt satt sine spor i filmhistorien.

På grunn av lengda er ikkje dette ein film som ein kan sette seg ned med ein kva som helst dag, eg måtte like greitt dele den på midten og ta delen etter intermission dagen etter, noko som kan ha virka inn i positiv eller negativ retning, men når eg lot meg forføre til den grad eg gjorde så spelar ikkje dette noko rolle.

«Gone with the Wind» fortel historia om den rike og bortskjemte sørstatsjenta Scarlett O’Hara (Vivien Leigh) som veks opp til Ã¥ bli ei kvinne under den amerikanske borgarkrigen. Filma i nydelege technicolor, sterke, klare fargar og sylskarpt bilde i denne samanhengen. Historien som blir fortalt over mange Ã¥r er drama av ypperste slag, det involverar veldig mykje kjærleik kombinert med kjærleik, satt tidsvis i eit krigsprega miljø forsterkast kjensla av hÃ¥plausheit.

Grunnen til at dette gjekk vel i hamn hjå meg var nok at eg er ein sucker etter drama med sterke karakterar, gjerne pene, og helst med ei form for kjærleikshistorie knytt til, iallfall når det er snakk om ein film som dette. At det finst mykje dårleg på område er ikkje til å komme utanom, men eg skal ikkje drøye meir på det her. Eg blei aldri dratt heilt inn i handlinga på den måten som kjenneteiknar dei ultimate filmopplevingane, men hang godt med heile vegen og synst det var ei interessant historie.

8/10

The Wizard of Oz (1939)

IMDb: 8.2/10 (47,653 votes)

Wizard of OzOm eg skal sjÃ¥ bort frÃ¥ alt som har med denne filmen som ein klassiskar Ã¥ gjere, og den plassen den har fÃ¥tt i amerikansk filmhistorie, osv., sÃ¥ blir noko i denne retningen: Den er eit godt eksempel pÃ¥ det som kan seiast Ã¥ vere typisk amerikansk, om familielykke og kampen mellom det gode og det onde. Eg var lite imponert av skodespelet, men tykkte kulissane var flotte. Det verka som ein fin barnefilm, men kanskje ikkje for dei aller yngste, for her legg dei ikkje skjul pÃ¥ bruk av ord som «likvidering» og «drepe».

Det eg hÃ¥pte pÃ¥ Ã¥ oppnÃ¥ nÃ¥r eg sÃ¥g filmen var ei djupare forstÃ¥ing i andre filmar og TV-seriar som refererar til filmen. The Sopranos har gjort det, That ’70s Show har gjort det, og eg ser faktisk enkelte likskapenr mellom løva i filmen og George i Seinfeld. Men dette er ikkje ein film eg har lyst Ã¥ sjÃ¥ igjen, for sÃ¥ bra var den ikkje.

5/10