Fantastic Mr. Fox (2009)

IMDb: 8.2/10 (9,438 votes)

Har du sansen for Wes Anderson, som mellom anna har laga «The Royal Tenenbaums» og «The Life Aquatic with Steve Zissou», så bør du få med deg «Fantastic Mr. Fox».

Anderson har eit auge for detaljar og viser dette på ein tydeleg måte, utan at det går på bekostning av flyten i filmen. Verken dette eller andre kjente estetiske grep manglar når han med «Fantastic Mr. Fox» har gjort sin første animasjonsfilm, i stop motion.

Karakterar og replikkar er òg eit resultat av det som ikkje kan vere anna enn full kontroll av Anderson under produksjonen. Historia til Roald Dahl, som filmen er basert på, forblir likevel alltid det viktigaste. I lag utgjer alt dette det meste ein kan forvente av ein slik film.

Det som held denne i frå å bli ein endeleg film, er at den på fleire område er for lik «The Life Aquatic with Steve Zissou», og gir inntrykk av å vere ein kopi i animert form. Personane og forholdet dei i mellom, dei estetiske grepa, forteljarstilen. Å unngå ei samanlikning er umogleg, og eg held ein knapp på «The Life Aquatic». På ei anna side er det slik som dette eg gjerne vil sjå Wes Anderson lage film.

8/10

The Darjeeling Limited (2007)

IMDb: 7.3/10 (39,637 votes)

The Darjeeling LimitedDarjeeling er eit område i India, kall det fylke eller delstat, dit brødrene Francis, Peter og Jack Whitman (Owen Wilson, Adrien Brody, Jason Schwartzman) reiser i lag for å finne seg sjølv og kvarandre i regi av eldstemann Francis sine planar om ei spirituell oppleving. Forholdet dei tre i mellom er smått anstrengt i mangelen på tillit, handlinga går føre eit år etter farens død, noko dei endå er prega av. Francis har nyleg køyrt motorsykkel i ein fjellvegg, Peter går med faren sine briller sjølv om han får hovudverk av dei og Jack har flytta til Europa for å komme vekk frå alt og alle.

Turen gjennom India utviklar seg etterkvart til å bli noko anna enn Francis forventa, kanskje ikkje den største overraskinga for publikum, planen om å oppleve tempel, lære og stole på kvarandre, osv. går kanskje i vasken, men Wes Anderson legg aldri skjul på at han berre er valgt ein anna veg mot same mål for karakterane sine. Måten Anderson gjennom heile filmen vel avslutte episodar til forventingane forut, utan å definere forløpet på førehand, kjem tydeleg fram når Jack les høgt frå ei historie han har skrive slutten, men ikkje starten på, dette fungerar også som er ei sterkare tilknytning til «Hotel Chevalier».

Denne måten alt i både «Hotel Chevalier» og «The Darjeeling Limited» er knytta saman på kjenner eg som Wes Anderson sin signatur, symbolikk i fargar og gjenstandar, utprega kameraarbeid, skodespelarne og valet av musikk er andre aspekt som lett glir inn i måten mannen lagar film på og som eg har lært meg å verdsette, og som absolutt er tilstades i «The Darjeeling Limited». For min del overgjekk denne forventingane mine og eg satte pris på at varmen i filmen kjem fram mellom alle detaljane og avstikkarane Anderson har valgt å trekke fram.

9/10

Hotel Chevalier (2007)

IMDb: 7.2/10 (6,819 votes)

Hotel Chevalier«Hotel Chevalier», kortfilm og forord til «The Darjeeling Limited», er ei innsikt i Wes Anderson som regissør veldig kort; musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve. To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris, det er tydeleg at dei tykkjer om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare, årsaka blir her overlete til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom forløpet til «The Darjeeling Limited». Når eg såg «Hotel Chevalier» for første gong var det stemninga ved saken som fekk med til å revurdere interessa for Wes Anderson, «The Life Aquatic with Steve Zissou» har tidlegare satt meg på bakfot (no likar eg den!), men då fekk eg verkeleg lyst til å sjå «The Darjeeling Limited».

7/10

The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)

IMDb: 7.2/10 (35,214 votes)

LTredje gongen er lykkens gong. Eg har sett «Life Aquatic» to gonger før, eller ein og ein halv viss ein trekk i frå tida eg sov under første visning. Problemet var, har eg funne ut, atmosfæren eg såg filmen i, med folk som «Life Aquatic» absolutt ikkje er laga for. For denne gongen fall Wes Anderson sitt undersjøiske eventyr i smak. Men eg vil ikkje påstå at dette er perfekt.

Bill Murray trår inn i rolla som ein mann i tråd med dei han har spelt i Wes Anderson sine tidlegare filmar, smart og litt usikker på ei side, som treng merksemd og respekt på ei anna. Mannen, Steve Zissou, lagar dokumentarfilmar, for tiden om sjøliv.

Anderson har sansen for detaljar, kameraføring, vittig dialog, rike rollefigurar og smårare forteljingar. Problemet med «Life Aquatic» er at alt dette blir så framtredande at det går på bekostning av framdrifta i filmen. Ei stund blir ein sittande å la seg imponere av detaljane og bilde, før ein oppdagar at det er svært lite som skjer. Ikkje før filmen nærmare seg slutten synst eg den går innpå meg, når Bill Murray gjer meir enn å sjå morosam ut, når dramatikken klarar å komme forbi lag på lag med dekkande raritetar. Hadde filmen klart å vise slike sider av seg oftare hadde den komme skummelt nær perfekt for meg. For på slutten blir alt gjort rett, og eg nærast sprekk av beundring for måten alt er satt saman på.

8/10

Hotel Chevalier (2007)

IMDb: 7.6/10 (123 votes)

Nat PortmanHar vore litt skeptisk til Wes Anderson sitt neste prosjekt, men etter å ha sett dette ser eg fram til «The Darjeeling Limited». Hotel Chevalier er ein kortfilm som står som ein kort epilog til «The Darjeeling Limited», men vil ikkje bli sendt på kino. Filmen var ganske lun/småmorosam, veldig stemningsfull, Schwartzman briljeerar og musikken var kul. Eg trur det ligg meir bak denne enn at det skal vere ein perfekt kjemi mellom Portman og Schwartzmann. På meg virka det som om Portman er tiltenkt ei mannsrolle i ein gammal film, utan å vise følelsar i orda som blir sagt. Men som kanskje ville ha vist fleire sider av seg sjølv (om det er mogleg) etter kvart, om det hadde vore ein lengre film.

Fekk faktisk lyst til å gi «The Life Aquatic With Steve Zissou» ein ny sjanse no. Fekk ein tanke om at eg nok har prøvd å sett den i feil selskap begge gongene, at den kan vere god om eg er åleine om det.

7/10

Bottle Rocket (1996)

IMDb: 7.3/10 (10,462 votes)

Bottle RocketWes Anderson sin første langfilm er Luke og Owen Wilson sine debutar på storskjermen, det kan merkast på den måten at dei ikkje har den same sjølvsikre stilen som dei pleier å ha, spesielt Owen. Det skrantar derimot ikkje på god prestasjon, og det er i gode hender dei er her.

«Bottle Rocket» er nok Wes Andersons minst spesielle film. Humoren ligg litt på same nivå, men er ikkje så overdreven, og alvorlet kjem mykje betre fram her enn i dei andre filmane hans. Det er i grunn det eg likte best med denne filmen. Den har ikkje noko amatørpreg over seg, og tilogmed James Caan dukkar opp i ein halvstor birolle her.

Om det er den beste filmen til Wes. Nei, men den fall betre i smak enn «The Life Aquatic with Steve Zissou», som var for spesiell for meg. Også verdt å sjå pga. av at det er debutfilmen for to frå frat packs crewet.

6/10

Rushmore (1998)

IMDb: 7.7/10 (29,554 votes)

RushmoreKjekk film av Wes Anderson med hjelp av Owen Wilson på manusarbeidet som har Jason Schwartzman i hovudrollen og Bill Murray som viktig birolle, gjentakande framsyningar av Brian Cox, Luke Wilson og den mindre kjente Andrew Wilson. Ein high-school film i særklasse krydra med merkbare karakterar, ei meir alvorleg historie og god musikk. Ikkje ein typisk amerikansk high-school film med seniors og vill festing, men ei meir sofistikert og smart forteljing om ein vaksen 15-åring som har det meste bortsett frå akademisk talent. Humoren er naturleg nok i retning av «The Royal Tenenbaums», men på motsett side av den filmen i forhold til den nyare, og meir krevande, «The Life Aquatic with Steve Zissou».

7/10

The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)

IMDb: 7.3/10 (8,793 votes)

The Life AquaticOvervurdert, tydeleg overvurdert! Eg sovna nesten etter dei første 45 minuttae, og etter det var ikkje filmen meir enn grei. Det som gjer den verdt å sjå i heile tatt er regissøren, og samansetninga av kjente og kjære ansikt. Som kombinasjonen Bill Murray og Willem . Å sjå Jeff Goldblum spele tydeleg homofil utforskar var også ganske humoristisk.

Den gjennomførte amatøraktige feelen og dei kule dialogane og detaljane i filmen er grunnen til at denne filmen er verdt å legge merke til. Men du bør vite kva du går til, for dette kan bli litt tungt til tider.

7/10