New Nightmare (1994)

IMDb: 6.2/10 (9,013 votes)

New NightmareDet er duka for den sjuende filmen i «A Nightmare on Elm Street» rekka. Wes Craven er tilbake etter stadig nedoverbakke for serien sidan han skreiv manus til den tredje filmen, «Dream Warriors». Med «New Nightmare» eig han ikkje berre registolen og skrivemaskina, han er også med i ei viktige rolle som seg sjølv. For «New Nightmare» er noko nytt når det kjem til «A Nightmare on Elm Street»-franchisen, Heather Langenkamp er ikkje Nancy og Robert Englund er ikkje Freddy, dei er seg sjølv, enn så lenge.

Det har gått ti år sidan den første «A Nightmare on Elm Street» og tre år sidan Freddy blei drept for godt. Du ler kanskje litt der, korleis kan Freddy forbli død? For å gjere saken meir interessant kan me heller stille oss spørsmålet korleis Freddy igjen kan bli levande. Men Heather spelar altså Heather, gift og med eit barn, me trår inn i livet hennar i ein periode der boligområde med omegn er prega av mange mindre jordskjelv, i tillegg har Heather hatt eit problem med telefonterror.

Etter kvart fÃ¥r me vite at Wes Craven jobbar med ein ny «A Nightmare on Elm Street» film. Fyren Heather er i kontakt med gjennom New Line Cinema seier at nye mareritt har fÃ¥tt Craven til Ã¥ ta dette vedtaket … «og fansen vil alltid ha meir». Med denne grunngjevinga rullar hjula.

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, som til fin forandring er både smart og litt spennande. At me får møte skodespelarane frå den opprinnelege filmen som seg sjølve gir dette ein ny dimensjon, blandinga mellom draum og verkelegheit får ein porsjon ekte verkelegheit inn i seg, tilsynelatande, det er jo på ingen måte ekte ekte. Craven har med innfallsvinkelen og ikkje minst bruken av ein talentfull barneskodespelar som Heathers son, skapt ein skrekkfilm med sjølvinnsikt og eg ser tydeleg skilt som peikar vegen til «Scream».

«New Nightmare» er ikkje så drøy på Freddy-karakteren og framstår som ein mykje reinare film, tross mengder blod, det ungdommelege preget er borte og det er meir trykk på mystery/thriller enn horror. Sjølv om det er litt dafft innimellom er dette i heilheit ein av dei i serien eg har satt mest pris på til no, den skiller seg godt ut som eige arbeid, om kanskje endå meir for fansen enn tidlegare, likevel annleis nok til å ikkje stemplast som «nok ein oppfølgar».

7/10

A Nightmare on Elm Street (1984)

IMDb: 7.3/10 (27,492 votes)

A Nightmare on Elm StreetEit felles mareritt dukkar opp i nabolaget, den første som får smake kniven er ei tenåringsjente som nyleg har hatt sex før ekteskapet, ganske typisk, på ein morosam måte. At ho drøymer å bli drept er ingen hindring for at drapet faktisk skjer. Vennene som også har drøymt om den skumle mannen med det brente ansiktet og fire knivblad i hansken, den etterkvart legendariske Freddy Kreuger, blir sjølvsagt ikkje trudd når politiet blir satt på saken.

Eg har altså gitt meg i gong med «A Nightmare on Elm Street», då meinar eg heile filmserien, denne filmen frå 1984 har fått sju oppfølgarar om ein skal rekne med «Freddy vs. Jason».

Wes Craven sin tenåringsgrøssar har ein del for seg, det er Johnny Depp sin debutfilm og han har ei ganske viktig birolle i filmen, den som får mest tid etter Heather Langenkamp som Nancy i hovudrollen ved sidan av Robert Englund, som spelar det skumle beistet av eit «menneske», Freddy, som på grunn av filmens blanding mellom draum og verkelegheit får fantasifullt spelerom til å utføre dei mest bestialske drapa.

«A Nightmare on Elm Street» har det meste på plass, karakterar som glir fint inn i handlinga, monstermenneske av ein drapsmann, fin balanse mellom verkelegheit og overnaturlege element, ei oppbygging som passar godt til sjangeren og nok blod. Den blir for min del aldri skummel, morosam på ein pervers måte er den derimot ofte, eg synst det var ganske underhaldande.

8/10

Paris, je t’aime (2006)

IMDb: 7.5/10 (7,826 votes)

Paris18 kortfilmar utgjer «Paris, je t’aime» («Paris, eg elskar deg»), der 21 regissørar har fÃ¥tt boltre seg innan den franske hovudstadens grenser. Eit samarbeid mellom britiske, franske og amerikanske gjer at det dukkar opp kjente ansikt bÃ¥de framfor og bak kamera pÃ¥ tvers av geografien. Det handlar lite om kven som har gjort kva dÃ¥ kortfilmen er eit utradisjonelt omrÃ¥de for mange av deltakarane og det til slutt er filmane framfor namna om dette fengar. Felles, som tittelen siktar til, er kjærleik i Paris det sentrale temaet. At ein veit dette gjer at mangelen pÃ¥ anna samanheng er uvesentleg, dÃ¥ det blir skapt ei heilheit av bitane.

Eg skal ikkje graute for mykje rundt omkring namn og Paris, sjølv om sistnemnte gjer seg godt pÃ¥ film og fortenar mangt eit godord som stemningsbyggar. «Paris, je t’aime» stÃ¥r som heilheitleg filmopplevelse pÃ¥ antall innslag av gode mot mindre gode kortfilmar. Eit fÃ¥tall stod seg ut som filmane med det vesle ekstra, der alt klaffa, mange av kortfilmane var gode og fekk fram smÃ¥ historiar utan Ã¥ trykke pÃ¥ alle dei rette knappane, skuffande nok var det godt og vel halvparten (pluss eller minus) som ikkje var meir enn ok. Desse ok kortfilmane var enten forvirrande utan Ã¥ gi inntrykk av Ã¥ skulle forvirre, tomme for kjensler utan Ã¥ skulle vere tomme, eller kortfilmar pÃ¥ middelmÃ¥dige historiar/handlingar som ser ut til Ã¥ ro seg i land pÃ¥ eit kjent namn bak eller framfor kamera. Desse mangla gjerne fingeravtrykk og framstÃ¥r som kortfilmar det ikkje er verdt Ã¥ nemne.

«Paris je t’aime» er ein fin kollaborasjon, men deler trekk det ned sÃ¥ eg aldri blir sittande med godkjensla lenge i gongen. Det eg mest av alt kunne tenke meg var ein «best of» pÃ¥ ca halvparten av tida, problemet i sÃ¥ fall hadde vore at andre som ser filmen nok har andre favorittar blant kortfilmane og ser andre verdiar i samanhengen mellom desse.

6/10

Red Eye (2005)

IMDb: 6.5/10 (37,490 votes)

Red EyeEit gjensyn som aldri ville ha skjedd på DVD. «Red Eye» var venteresept den siste morgonen i Tel Aviv. Ein by som forutan ei hav av butikkar og nydelege strender spreidd over lange gåavstandar har skuffande utval av større filmsjapper.

Ingenting nytt er å finne frå forrige gong. Filmen er enkel, på grensa til platt. Spenninga er lite tilstadeverande og det heile virkar å vere laga etter ei god gammal oppskrift.

Cillian Murphy gjer rolla som får «Red Eye» opp på eit greitt nivå innan thrillerar, og er ein skodespelar eg allereie har vore merksam på i den grad at dei fleste filmane han er med i blir interessante. Elles er det ingenting spesielt å hente her.

5/10

Red Eye (2005)

IMDb: 6.6/10 (20,982 votes)

Red Eye«Red Eye er Wes Craven sitt siste bidrag til filmverdenen som regissør hittil, sett bort frÃ¥ eit lite segment av «Paris, je t’aime. Med yndige Rachel McAdams i hovudrolla mÃ¥tte filmen klare Ã¥ bli grei nok.

McAdams spelar dagleg leiar på eit Miami-hotell, som på flyet heim frå ei gravferd i Texas, møter ein sjarmerande herremann i dødens ærend.

Mesteparten av filmen føregår på eit fly, og då krevst det ein del for å oppretthalde intensiteten og interessa. «Red Eye manglar det heilt store her. Ikkje før flyet landar, som er godt og vel 1 time inn i den 1 time og 17 minuttar lange filmen, blir det fart i sakene. Det at filmen ikkje er lenger reddar den dessutan frå å vippe over til det kjedsommelege.

Filmen føles aldri meir enn halvt gjennomført, den tek avstand frå dei største klisjeane, beheld dei mindre, og har eit ganske forutsigbart handlingsforløp. Slikt krev at andre ting er på plass. Det er dei ikkje, og resultatet blir ein film som vippar på kanten til det kjedelege, det som reddar den er eit par spennande sekvensar, ei søt Rachel McAdams og ein til tider psykopatisk Cillian Murphy.

Filmen har forresten ingenting å gjere med den sør-koreanske horrorfilmen med same namn.

5/10