Rome sesong 2

10 episodar.

RomePax Romana står på troppa, tidenes hittil dyraste tv-produksjon har runda av sin andre sesong, «Rome» er avslutta.

Dette er god tv, men eg synst ikkje sesong 2 nådde heilt opp til gudebilde eg etter kvart danna av den første sesongen. Eg skjønna at HBO/BBC vil gi seg på topp, for dette gildet kosta vel for mykje til at dei kan ta sjansen på å lage noko folk ikkje vil ha / dvs. går lei av.

Denne sesongen handla mest om Octavian, naturleg nok, og mykje omkring eit anstrengt forhold til Mark Antony. Dei som har sett første sesong vil skjønne kva det dreiar seg om. Eg synst sesongen går mest i favør av Mark Antony av dei som gjer det bra, deretter Titus Pullo og Luciis Vorenus. Desse karane står for dei beste delane av episodane.

Ikkje at det betydde all verdens, men eg forstod aldri heilt kvifor Octavian blei som han blei, mora var jo ond, men likevel. Eg synst dei kunne gjort meir ut av den oppbygginga. Han stod seg meir ut som surpomp enn den flinke herskaren har blei. Flink som i langvarig, historisk sett. Dette er jo først og fremst underholdning, og har masse fiksjon, men når dei først skal gi det essensielle for å tilfredsstille history-buffs.

Heile settingen og slikt er ganske så herleg, ei slagscena midt i sesongen er til å rope «aj aj» for. Det er mykje anna og. Eg har nok gitt litt meir peppar enn skryt her, men det er for ikkje å forville meg inn i ei tåke av opphausing utan det kritiske synet. «Rome» er ikkje perfekt, og sesong 2 når ikkje heilt opp til sesong 1.

Rome sesong 1

Rome sesong 112 episodar.

Med røter i historiske kjelder og vidare diktning for å gjere det til ei passa dramahistorie for tv er «Rome»HBO, BBC og RAI sin storproduksjon av eit samarbeid som det tok over 100 millionar amerikanske dollars å få i stand.

Denne første sesongen strekker seg over 8 år, og tek for seg livet til Julius Cæsar, familien til ungdommen Octavian (også kjent som den mektige keisar Augustus), dei to soldatane og heltane Lucius Vorenus og Titus Pullo, i perioden rundt Julius Cæsar sin kamp for herredømme over Roma.

«Rome»er ein veldig eksplisitt serie som ikkje legg skjul på verken sex eller vald, og har nok fått ein del merksemd på grunn av dette. At det blir brukt litervis med blod, og ikkje minst at folk faktisk er nakne når dei har sex, gir i første omgang eit realistisk inntrykk. Ikkje alle kan elske så stille under dyna med bukse på som amerikanarane. Men det er ikkje til å legge skjul på at desse to faktorane er eit draplaster heller, utan at eg bryr meg særleg om det.

Rome episode 1

Storslått drama med politikk, konspirasjonar, hemn og fiendar som eigentleg er venner, men likevel ikkje. Serien skal ikkje berre ha skryt for sin påkosta produksjon, for i grunn ligg det eit solid manus som ikkje er redd for å oversjå konvensjonelle tv-metodar. Og sjølv var eg heilt med på dette, sjølv om eg har sett serien tidlegare, faktisk berre for eit knapt år sidan, så gav dette meg like mykje glede og spenning denne gongen. Spesielt under dei to siste episodane (dei første 10 skal ikkje utelatast på nokon måte heller), når serien har fått god tid til å bygge seg opp og fram, måtte eg ofre både negler og tårer.

Rome sesong 1

12 episodar.

Rome ses 1Ein veldig god serie. Kjempekvalitet på både bilde, lyd og setting. Anbefalt!