Filmdagbok
ness
02-jun-2007

Das Boot (1981)

User Rating: 8.4/10 (43,373 votes)

Das BootTo ting som eg finn vel verdt å nemne i forbindelse med denne filmen er som følgande: Grunna støy i ubåten er filmen opprinneleg dubba, til både tysk og engelsk. Eg såg den engelske versjonen, sjølv om eg alltid elles er i mot å sjå film på anna enn originalspråket (dette gjeld óg animasjonsfilm). Så er filmen nærmare 3t 20min lang, noko som førte til at eg såg filmen i tre etappar (morgon, ettermiddag, kveld).

«Das Boot» er ein tysk ubåtfilm satt til 2. verdskrig. Me følger mannskapet ombord i ein enkelt ubåt. Det handlar om situasjonen på ubåten, presset og den nervøse stemninga som påvirka så mange ulike folk med einaste felleseining at dei er på ubåten.

Her er det overraskande lite politikk og direkte kritikk av naziregimet til å vere ei så høgt annerkjent krigsfilm. Det er meir fokus på heltane våre, og som publikum strevar eg med eit ambivalent forhold til seinkinga av britiske kryssarskip. Kven kan nekte ein solid gjeng som ubåtmannskapet her ein opptur? Her ligg litt av styrken til filmen, at den ikkje ser så mykje på det store bilde om kven som er god og ond. Noko kritikk skin derimot igjennom her og der.

Stemninga som det miljøet på ubåten skapar gjer nok brorparten av filmen for min del. Rikt på inntrykk og veldig realistisk. Skittent, fuktig og trangt. Eg tenker ikkje ein gong på at det er eit filmsett, så realistisk føles det. Wolfgang Petersen har klart å få til alt som han mislykkast med i nyinnspelinga av «Poseidon».

Så er eg tilbake på det som eg snakka om innleiingsvis. Filmen tek seg god tid. Sjølv om eg ikkje prøvde å sjå den samanhengande vil eg anbefale den oppdelt. Det gir tid til å la personar, handling og miljø synke. Eg har ein idé om at dette heva inntrykket mitt av filmen, for eg ser ikkje på den som litt for lang eingong. (Det finst dessutan ein miniserieversjon på ca 5 timar).

Når det gjeld dubbinga må det seiast å vere noko av det beste eg har sett. Men det vil aldri bli naturleg å sjå tyskarar snakke engelsk. Det viktigaste var at stemninga forblei god her, og dubbinga øydelagte ingenting for meg der.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
05-aug-2006

Poseidon (2006)

User Rating: 5.6/10 (6,907 votes)

PoseidonEg hadde absolutt ingen forhåpninga til denne filmen, og blei difor ikkje spesielt skuffa når det viste seg at dette var tullball frå ende til annan.

Det heile opnar med helikopterfoto over skipet Poseidon, eit så reint og falsk CG-objekt at eg nesten fekk maten i halsen. Dei første 15 minuttane er berre småsnakk og vås, om kor stort og flott skipet er, introduksjon til dei folka me kjem til å følge seinare i filmen, og drama som ber preg av at dette er ein nyinnspeling av ein film frå den gongen forholdet mellom ein far og ei dotter kunne vere litt annleis enn i dag.

Så veltar skipet overende på grunn av ei kjemsvær bølge, som mannskapet prøver å køyre langst, ikkje tvers gjennom. Ikkje at eg veit kva som er best i ein slik situasjon, men eg ville prøve å køyrt gjennom ei bølge viss enn å velte med ei, om eg visste håpet var dårleg. Når alt var på sitt mest ekstreme her fann eg det forresten meir interessant å pille meg i nasen. Skipet hamnar opp/ned og gjengen me blei introdusert til samlar seg og legg ut på ei eventyrisk ferd gjennom skipet for å komme seg ut. Det heile er ein einaste opp/ned labyrint som dei ikkje har særleg problem med å finne fram i.

For kvar nye utfordring var spørsmålet mitt, kven vil døy eller hamne i seriøse vanskar her. Og kor lang tid vil det ta før dei kjem seg ut av situasjonen. Forsøka på å skape ei klaustrofobisk stemning mislykka, og har lysår igjen for å nå opp til «The Descent».

Innledningsvis skreiv eg at eg ikkje vart skuffa, men det var berre løgn for å ikkje slakte filmen før eg hadde skrive meir. Eg blei skikkeleg skuffa, likevel om eg ikkje forventa noko. Det går mot den første filmen på ei stund som eg ikkje vil anbefale på nokon som helst måte, verken som reinspikka spenningsunderholdning eller komedie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-okt-2004

Troy (2004)

TroyUser Rating: 7.0/10 (21,907 votes)

Langdryg film med kun eit fåtall interessane scener, som Achilles vs. Hector.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10