Posts Tagged ‘Woody Allen’

Whatever Works (2009)

tirsdag, oktober 27th, 2009

IMDb: 7.5/10 (4,767 votes)

whatever_worksWoody Allen er tilbake i New York med «Whatever Works», og med det ein nevrotisk og misantropisk karakter i hovudrolla. Larry David har fått hovudrolla og passar i grunn perfekt som den Allen-liknande Boris. For sjølv om Boris Yelnikoff er ein karikatur av ein person gjort med enkle komedie, har Allen klart å balansere han med å gi meir av seg og sine problem. «Whatever Works» er god på å bidra til å skape latter frå alvor, og har nokre av dei mest treffsikre replikkane eg har sett Allen skrive. Den var i all enkelheit ei svært positiv overrasking.

8/10

Melinda and Melinda (2004)

mandag, mai 18th, 2009

IMDb: 6.6/10 (12,755 votes)

melinda_and_melinda_ver4«Melinda and Melinda» viste ein Woody Allen på veg tilbake mot toppen etter eit labert 90-tal og rustent tidleg 00-tal. Will Ferrell viser at han taklar meir seriøs komedie her, og Allen får nytte fleire dyktige og leverande skodespelarar i si filmatiske utforsking av skilje mellom komedie og tragedie. Filmen fungerar godt som både standard fiksjonsfilm og eit levande fortalt samtaleemne som opningsscena indikerar at det heile er. For meg er ramma rundt, og denne studien av situasjonen til Melinda, det som gjer den til noko ekstra forutan eit romantisk drama/ komedie, og får fram stemma til Allen.

7/10

Another Woman (1988)

tirsdag, juli 22nd, 2008

IMDb: 7.3/10 (3,022 votes)

Ei kvinne i femtiåra hamnar i midtlivskrise og opplever at det meste rundt ho raknar eller forandrar seg. «Another Woman» er som den to år seinare «Alice» ein film om ei kvinne i ein fase av livet der situasjonen er trudd å vere stabil, men ting er langt i frå å vere på plass. Mens «Another Woman» er meir drama prøver «Alice» å gi ei humoristisk vinkling, men dei er endå tematisk like.

I rollen som Marion Post finn me Gena Rowlands, Marion skal skrive ei bok og leiger kontor til dette formålet ettersom bygningsarbeid forstyrrar ho i heimen. Frå det nye kontoret kan ho høyre kva pasientane fortel psykologen i naborommet og blir sugd inn i historia til ei gravid kvinne spelt av Mia Farrow, på eit psykologisk plan framfor å bli ein av Allens fantasiprega filmar. Ved sidan av dette følger me Marion gjennom ein tøffare periode i privatlivet der fleire ting vil gå opp for ho.

Det skal ikkje vere noko tvil om at eg føretrekk denne måten frå Allen å lage film på framfor kva «Alice» er blitt. I filmografien hans fører denne seg inn blant «Interiors» og «September» i å fortelje om kvinner med problematiske liv, utan at den omhandlar psykiske problem. Det er nok ikkje den ultimate Allen-filmen, i blant føles den litt for lang og langsom, men sluttvurderinga hellar i positiv retning og ein sit igjen med viten om at denne filmen har formidla noko.

7/10

Alice (1990)

fredag, juli 18th, 2008

IMDb: 6.4/10 (3,422 votes)

«Alice» er ingenting meir enn ein heilt grei Woody Allen film, den er vanskeleg å skrive om på ein interessant måte, men er heller ikkje på nokon måte blant dei mest interessante filmane.

Mia Farrow spelar Alice, ei kvinne som har vore gift i 16 år, møter ein ny mann og blir smått forelska. Betre blir det ikkje for sjølvkontrollen at ho går til ein healer i Chinatown og får ei rekke ulike urter som får ho til å oppføre seg ukontrollerbart eller bli usynleg.

Filmen i heilheit handlar om denne kvinna som i utgongspunktet finn seg i ein stabil situasjon, og nok har gjort det i mange år, sitt møte med ein ny og ukjend kvardag. Gradvis vil ho forandre oppfatting av tinga rundt seg og det treng ikkje nødvendigvis vere for det verre.

«Alice» er nok aldri skikkeleg morosam, Mia Farrow er litt slitsom i lengden og historien er ikkje spesielt interessant, den gir heller ikkje rom for spesielt mykje av Allens intellekt, men kan i det minste seiast å vere ei av veldig mange ulike filmar han har laga.

6/10

Celebrity (1998)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 6.1/10 (9,878 votes)

Ein film med Winona Ryder går automatisk godt i hus hjå meg, iallfall hittil, dessutan gjer Kenneth Branagh seg veldig godt som Woody Allen-karakteren som i filmen er Lee Simon. Han er like forvirrande, usikker og nevrotisk som Allen sjølv ville ha vore, samtidig som han er eit nytt ansikt i Allen-samanheng. Nydeleg filma i svart/kvitt og med eit lass, nei hav, av kjente ansikt i gode bi-rollar blir dette akkurat nok kunstfilm som det blir ein hyllest til kjendisar. Sett som ei rekke enkeltsekvensar er denne filmen interessant, måten den grip tak i to personars liv i kjendisverden etter ei skilsmisse i form av mange separate deler gir eit litt oppstykka preg, utan at det blir vanskeleg å henge med på nokon måte. Når det kjem til heilheita saknar eg altså noko meir, forutan å handle om livet til celebre personar på ein god måte og glede med bl.a. eit par stjerner frå «The Sopranos» skulle eg ønske det var eit eller anna ekstra som tok filmen opp på eit høgare nivå.

7/10

Mighty Aphrodite (1995)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 7.0/10 (14,246 votes)

Ein ganske grei film som travar i veg med Allen i velkjent rolle, ein god dose humor og ei varm historie. Allen spelar mannen med skurr i ekteskapet som tek ei prostituert som venn i ein tyngre periode i livet, den prosituerte er ved sidan av å vere mora til hans adopterte son ikkje særleg skarp, men eit godt motstykke til sportsjournalisten Allenspelar. Filmen er passe overfladisk satt opp mot Allens meir sinnsdjupe filmar, han leverar lite av seg her forutan skodespelet sitt. Mangelen på substans gjer at ein sit igjen med lite etterpå, men det unngår å bli ein dårleg film på grunn av humoren og varmen. Mest synd er det at slutten kjem altfor forhasta og blir altfor snill sett i perspektiv av livskrisa sportsjournalisten eigentleg befinn seg i. Det er kanskje å forvente ein så enkel slutt når filmen elles ikkje er spesielt djup.

6/10

September (1987)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 6.4/10 (2,903 votes)

«September» kan minne litt om Allens tidlegare seriøse film, «Interiors», i måten den har gjort depresjon til eit sentralt tema og rollen miljøet har for å forsterke kjensla av å ikkje vere heilt heime — ikkje direkte kaldt, men litt kjølig. På ei anna side er «September» ein lystigare film med meir fokus på forviklingar i situasjonane som oppstår når menneske møter kvarandre og ikkje har kontroll over kven dei forelskar seg i, dette gir rom for både tristheit og komedie i det lukka miljøet av eit hus handlinga føregår i. Her var Allens intensjonar å lage eit «teaterstykke på film», med fleire lange tagningar og minimalt av effektar. Mia Farrow passar ganske godt inn i rollen som kvinne i ein tung livsfase, ho er ein plass i mellom å vere håplaus, trist og irriterande irrasjonell, ei slitsom kvinne å ha med å gjere, plakaten hintar til ein bipolar mentaltilstand. Dei andre rollane i filmen er med på å nøytralisere ho og balansere persongalleriet til å gjere dette til ein roleg filmopplevelse framfor eit stressande forviklingsdrama.

7/10

Stardust Memories (1980)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 7.2/10 (6,191 votes)

Med Ingmar Bergman og Federico Fellini som forbilde (Woody Allen hadde ved eit punkt i produksjonen tankar om å kalle filmen «4», fordi den ikkje var halvt så god som «8½») har Allen satt seg til å fortelje historia om ein oppdikta filmskapar, Sandy Bates. Bates har hatt stor suksess innan komediesjangeren, no vil ha lage seriøs film. Fanbasen hans er dedikerte og følger med uansett. Under ein liten filmfestival med berre filmane til Bates på programmet følgjer me personen i notid, fortid, på film og under festivaltiden. Persongalleriet er fyllt med fargerike personar, tross at filmen er svart/kvitt, og dei fleste statistane er bisarre menneskeskapningar, karikaturar kan ein sei, mykje hjulpe fram av kamerabruken. «Stardust Memories» er noko for seg sjølv, fell ikkje heilt i smak her, men er nok likevel ein av Allens meir gjennomtenkte filmar og blant mannens eigne favorittar. Som tilleggsopplysning kan det vere greitt å nemne at dette ikkje er meint som eit autobiografisk verk.

6/10

Love and Death (1975)

torsdag, februar 28th, 2008

IMDb: 7.6/10 (10,525 votes)

Love and deathEin av dei meir fornøyelege filmane. Diane Keaton hypnotiserar med venleiken si og ikkje minst skodespelet, humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil. Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som er vanskeleg å halde tritt med, men bidreg ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som «Love and Death». Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.

8/10

Cassandra’s Dream (2007)

mandag, februar 25th, 2008

IMDb: 7.2/10 (3,184 votes)

Cassandras DreamMed «Cassandra’s Dream» har Woody Allen for tredje gong på rad tydd til London, i denne er også skodespelarasemblet fullstendig britisk. Colin Farrell og Ewan McGregor spelar brødrepar i dette krim/thriller/dramet. Ingen spor av komedie her.

Historia er av typen som involverar pengar, ei ulovleg gjerning og skyldkjensle. Det startar med kvardagstilværelse og brødreparet si trang til å få meir å rutte med. Terry (Farrell) likar gambling og whiskey og er overraskande heldig på hundeløpsbana. Ian (McGregor) jobbar i restauranten til faren og likar å tenke tanken at han er velståande. Brødrene har eit tett forhold og støttar kvarandre når det er nødvendig, og så kjem dagen då dei begge tek eit dårleg val for å skaffe fleire pengar.

Allen tek ikkje sjansen på å halde pokerfjes her og serverar alt etter kvart, dette gjer at filmen er fri frå dei store overraskelsane, men ikkje fri frå spenning, ein del takka vere effektiv musikkbruk, mykje takka vere godt skodespel. Spesielt Farrell går godt inn i rolla si som den usikre broren, og bidreg med mykje av filmens psykologiske kraft. «Cassandra’s Dream» går sin gong med ikkje altfor høgt tempo, det bevisste valet av sjanger og mørk undertone gjer at det skil seg frå typiske Allen-filmar, på ein god måte. Det er kanskje ingen mesterverk, dei høgaste toppane står uberørte, men eg er i grunn ganske fornøgd og fekk akkurat det eg forventa etter to gode («Match Point» og «Scoop») siste åra.

8/10