Ein av dei meir fornøyelege filmane. Diane Keaton hypnotiserar med venleiken si og ikkje minst skodespelet, humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil. Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som er vanskeleg å halde tritt med, men bidreg ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som «Love and Death». Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.
Med «Cassandra’s Dream» har Woody Allen for tredje gong pÃ¥ rad tydd til London, i denne er ogsÃ¥ skodespelarasemblet fullstendig britisk. Colin Farrell og Ewan McGregor spelar brødrepar i dette krim/thriller/dramet. Ingen spor av komedie her.
Historia er av typen som involverar pengar, ei ulovleg gjerning og skyldkjensle. Det startar med kvardagstilværelse og brødreparet si trang til å få meir å rutte med. Terry (Farrell) likar gambling og whiskey og er overraskande heldig på hundeløpsbana. Ian (McGregor) jobbar i restauranten til faren og likar å tenke tanken at han er velståande. Brødrene har eit tett forhold og støttar kvarandre når det er nødvendig, og så kjem dagen då dei begge tek eit dårleg val for å skaffe fleire pengar.
Allen tek ikkje sjansen pÃ¥ Ã¥ halde pokerfjes her og serverar alt etter kvart, dette gjer at filmen er fri frÃ¥ dei store overraskelsane, men ikkje fri frÃ¥ spenning, ein del takka vere effektiv musikkbruk, mykje takka vere godt skodespel. Spesielt Farrell gÃ¥r godt inn i rolla si som den usikre broren, og bidreg med mykje av filmens psykologiske kraft. «Cassandra’s Dream» gÃ¥r sin gong med ikkje altfor høgt tempo, det bevisste valet av sjanger og mørk undertone gjer at det skil seg frÃ¥ typiske Allen-filmar, pÃ¥ ein god mÃ¥te. Det er kanskje ingen mesterverk, dei høgaste toppane stÃ¥r uberørte, men eg er i grunn ganske fornøgd og fekk akkurat det eg forventa etter to gode («Match Point» og «Scoop») siste Ã¥ra.
1992 og svart/kvit. Tonnevis med kjente skodespelarar i større og mindre rollar. Skoddefylt by, seriemordar, horer og sirkusfolk. På papiret har «Shadows And Fog» mykje for seg, på film er det ikkje fullt så engasjerande som det er lov å håpe på, likevel om Woody Allen held seg i tøylane og humoren handlar lite om nevrotikaren. Eg saknar den kalde kjensla av skodde og mordmysterie fange meg, men likar bilde og alt som har med kamera å gjere, måten kjente ansikt i birollar aldri tek stel fokuset frå filmen i heilheit. Skumlare film og meir spissfindig dialog hadde ikkje vore å fornekte.
Ein av Woody Allen sine betre filmar, han sjølv spelar manager for smørsongaren Lou som er i ferd med å gjere eit suksessfullt comeback. Mia Farrow er elskerinna til Lou. Tilsaman utgjer dei trioen sentral i historia om manager Danny Rose og hans kanskje viktigaste klient. Fortalt over bordet på ein kafé i New York er stemninga satt frå første stund, Allen er best når byen er bakteppe. 80 minuttar i svart/kvitt gir tid til ein smått nedtona komedie med ei historie som ein kan knytte seg til, definitivt ei plassering på topp 10 Woody Allen lista mi. Fin.
Tulledokumentaren om Leonard Zelig, kamelonmannen, som forandrar seg til typen folk han omgir seg med, er utført i god blanding. Filmavis, standard tv-dokumentar med intervju og arkivfoto, det er aldri tvil om at Allen har peiling, dette er stadig, over 20 år etter, friskt redigert. Faktisk så godt at eg gir den status som favoritt tulledokumentar. Allen portretterar Zelig som fot i hose, typisk nok ein nevrotisk person, me får lære å kjenne han på avstand og litt om gongen slik som anna dokumentarfilm ofte fortel om historiske personar, dette passar perfekt. Med 1t 12min held «Zelig» seg frisk heile vegen til endes.
Basert på ei bok av David Reuben har Woody Allen fått laga ein tullete kortfilmkompliasjon om seksuelle tema. Dei ulike delene varierar i stor grad frå morosame til middels, av det som gjorde seg mest bemerka var nok legen som blei forelska i ein armensk fjellsau, Dr. Frankenstein-kopien sitt feilslåtte eksperiment som resulterar i ein gigantisk pupp på avvegar og ei vitskapleg framstilling av dei indre kroppslege mekanismane knytta opp mot seksuelt samkven, der Burt Reynolds er blant dei tilsette i hjernen. Som heilheit blir diverre kompilasjonen småkjedeleg i lengden, Allen fungerar best når han har ei god, samanhengande handling.
Ulike radiominner som kjente songar frå barndommen til Woody Allen, familien sitt forhold til radioen parallelt med historiar om kjendisar utgjer denne kompilasjonen av fleire lause historiar. Allen sit bak mikrofonen i «Radio Days» som forteljarstemma mens ein ung Seth Green spelar Allen som barn, her gitt namnet «Joe». Vandrehistoriar, sladder og eigne minner dannar grunnlaget for ei nostalgisk tidsreise. Allen nyttar også filmen til å dyrke musikksmaken sin, då det finst mange songnummer her. Sjølv brukte eg ei god stund på å komme inn i rytmen til filmen som eg aldri finn meir enn akkurat passe god, men stemningsfull.
Første først, dette er ein film utan Woody Allen, verken på bildesida eller lydsporet. Der finn me derimot Mia Farrow og Jeff Daniels, i blant med hjelp av Danny Aiello. Cecilia (Farrow) lev under depresjonen, er glad i film og mindre glad i ektemannen Monk (Aiello). Så kjem «The Purple Rose of Cairo» på kino og ho blir betatt, må sjå den om igjen fleire gonger, heilt til Tom Baxter (Daniels) ein dag hoppar ut av lerretet. Morosamt, spesielt og Woody Allen er naturlegvis godt oppmerksom på bruken av filmformatet. Her blandar han alle moglege konvensjonar i hytt og pine.
Satt til tidleg 1900-tal har Allen med «A Midsummer…» valt Ã¥ sette handlinga til ein spesifikk periode for Ã¥ forsterke den. Her er ekteskap, kjærleik og sex tema nÃ¥r seks vaksne menneske med inperfekte forhold samlast for Ã¥ feire det kommande bryllaupet blant to av desse. Romantiseringa, krydra med seksuell energi, svarar til mange av forventingane eg har til kostymedramakomedien, og er nok blant dei meir morosame eg har sett innan sjangeren. Allen lykkast likevel ikkje Ã¥ more sÃ¥ mykje som hÃ¥pt, det blir for tamt og uskuldig. Eg kjeda meg ikkje, men kunne gjerne ha fÃ¥tt litt meir trøkk.
Den mest seriøse filmen til Woody Allen viser at mannen er flink til meir enn å more folk, dette veit dei som har sett litt i frå ulike deler av filmografien hans. Datert seint 1970-tal med sterke rolletolkningar av bl.a. Diane Keaton og Mary Beth Hurt, Woody Allen forblir bak kamera, omhandlar Interiors ein familie der mor er psykisk ustabil og døtrene lever i frykt for å arve sinnslidelsane. Tung stemning pregar filmen som har sterkt manus med mykje fin dialog og er solid regissert, forventar du ei handling med tempo og action er dette derimot feil val.
