That ’70s Show sesong 4

27 episodar.

Vel halvveges og framleis på dei gode episodane, tidlegare har eg ytra at serien ligg på topp rundt sesong fire og fem, etter å ha tenkt meg om to gonger til vil eg setje eit skilje mellom tredje og fjerde sesong og kalle den tredje for best blant dei mest uskuldige ungdomsåra og fjerde som eit nytt kapittel med litt meir alvor og større avstikkarar både på område som kjærleiksforhold og nye sider ved dei ein gong så enkle karakterane i serien.

Som vanleg er det lite å utsette på serien, eg sluker dei fleste episodane rått, kanskje minus to mindre gode, mens andre episodar kan vere betre enn vanleg. Du har ein episode der Kelso innfører Prank Day og Red blir med i «krigen» som oppstår, denne ligg i ein eigen klasse. Så er det eit forsøk på å lage ein musikalepisode som mislykkast både på grunn av elendige songnummer som sjeldan blir morosame og dårleg oppbygging rundt desse.

I fjerde sesong kan ein merke at det ikkje berre er Eric som er «That ’70s Show», då han tidlegare har stukke av med mesteparten av fokuset, har han her gitt frå seg litt ekstra rom til dei andre, sjølv om forskjellen knapt kan merkast før ein oppsummerar sesongen i ettertid. Denne sesongen er ingen dum ting å bruke tid på, hugsar eg rett finst det endå minst ein god sesong (5) og ein grei (6) før serien svakt rundar av for Kelso og Eric (7) og serien slit seg gjennom ein siste sesong (8) utan desse.

Leave a Reply