The Abyss (1989)

IMDb: 7.5/10 (47,168 votes)

James Cameron har laga ein spennande film med «The Abyss», eit undersjøisk eventyr innblanda med kald krig og utanomjordiske vesen.

Eit avansert farty drifta av godaste Ed Harris, blir sett inn for å hjelpe militære i å hente ut teknologi i frå ein havarert ubåt. Dette medfører eit basketak mellom usympatisk militært personell og dei litt for kjenslestyrde, dediserte personane som driftar redningsfartyet.

«The Abyss» er fiffig i oppbygging av spenning og det er eit sjakktrekk å plassere handlinga på botnen av havet, ekstra langt nede. Trusselen det høge trykket på alle kantar medfører set alle konfrontasjonar innvendig ekstra på spissen. Dette blir så effektivt at stereotypane Cameron brukar som rollefigurar, som eg ikkje har særleg i mot, blir tilsløra akkurat så mykje som det skal til for å svelgje det.

Store ord blir preika og det heile er ikkje i nærleiken av å vere realistisk, men «The Abyss» gir både grøss og kaldsveitt rygg på sitt beste, og oppnår innimellom litt av den klaustrofobiske atmosfæren som Ridley Scott fekk til i «Alien».

Svar på eventuelle spørsmål om «The Abyss» er verdt å sjå, kjem heilt an på i kva grad du forventar eller forlanger skikkelege rollefigurar og ei i heilheit original forteljing. Du får ingen av delene her, men innanfor dei rammene som eg har prøvd å setje her får du god spenning i massevis.

7/10
Publisert 15. januar 2010 kl. 00:30 i Action, Adventure, Alle, Sci-Fi, Thriller merka som , , .

Skriv ein kommentar