The Andromeda Strain (1971)

IMDb: 7.2/10 from 11,254 users

Flott foto, fint tempo og god oppbygging gjer The Andromeda Strain til ei behageleg oppleving om ein spennande og interessant historie som involverer invasjon frå rommet.

Invasjonen er nesten usynleg, og kampen mot den og klokka flyttar seg etter kvart inn i eit underjordisk laboratorium. Krigarane våre er fire doktorar, ein styrke som har stått klar i tilfelle mikroskopisk invasjon. Med kløkt skal dei erverve kunnskap og finne eit botingsmiddel på organismen som truar jorda.

The Andromeda Strain brukar enkle verkemiddel på ein effektiv måte. Vi får peikepinnar på kva som kan hindre arbeidet mot ei løysing, og opplever at denne blir oppfylt i nokre tilfelle. Dette blir fortalt på ein fin måte gjennom seleksjonen av bildeutsnitt og ikkje alltid gjennom karakterane sitt møte med omgivnadane eller opplagte replikkar om at ditt og datt kan gå feil. Denne fluga-på-veggen måte å følgje historia på passar utmerka godt og stressar ikkje opp rolla til sjåaren, men passar godt til tempoet filmen køyrer på i.

Om det er ein ting som kan oppsummere The Andromeda Strain for meg så er det at den gir lønn for å følgje med. Den krev ikkje all verden, men den krev at ein let stemninga og tempoet sige inn over seg og ei interesse for tema.

8/10
Publisert 17. september 2011 kl. 16:43 i Alle, Mystery, Sci-Fi, Thriller, Tweet merka som , , .

Skriv ein kommentar