The Bank Job (2008)

IMDb: 7.8/10 (6,347 votes)

«The Bank Job» er den hittil ferskaste filmen med Jason Statham, som tross middelmÃ¥dige actionfilmar i ny og ne framleis er ein av dei rÃ¥aste skodespelarane i Storbritannia. Det er ogsÃ¥ Roger Donaldson sin ferskaste, filmskaparen bak den flotte «The World’s Fastest Indian». Her held han seg i fortida dÃ¥ han igjen har laga film basert pÃ¥ ei sann historie med rot i nokre tiÃ¥r tilbake.

Etter ei frisk opning med puppar og naken hud i mengder openberrar etter kvart ei historie seg, Terry Leather (Statham) er ein mann med ei bilsjappe og gjeld som får sjansen via ein gammal bekjent til å få tilgongen på raske pengar ved å rane ein bank. Den bekjente har eit anna motiv for ranet enn pengar og smykker, nemleg eit sett med kongelege nakenbilder. Via denne delen av historia blir det bygd inn handling nok til å styre «The Bank Job» unna å bli ein rett fram bankransfilm.

Elegant utført i 1970-tals setting som aldri blir for mykje av det gode er dette ein fin og smÃ¥skitten film, i kontrast til blankpolert stÃ¥l og tekno mumbo-jumbo som i «Ocean’s» ditt og datt. Sjølve bankranet er hovudbrikka utan at det gÃ¥r pÃ¥ bekostning av verken førre eller seinare partiet i filmen, eg synst dette var ein bÃ¥de spennande og stilig film som holdt godt gjennom 110 minuttar.

På ei anna side legg heller ikkje «The Bank Job» skjul på at det er ein heist-film (med mange innvikla trådar om utpressing og politisk tilknytning), det blir aldri om å gjere og slenge oneliners eller gi closeups av kjente skodespelarar. Ei viss nerve klarar den å halde, delvis takka vere filmmusikk i velkjent stil som ligg småtrykkande over dei mest intense delene, heller ikkje her blir det for mykje av det gode.

7/10
Publisert 13. april 2008 kl. 10:26 i Alle, Crime, Thriller merka som , .

Skriv ein kommentar