Tjuefjerde luke i julekalender 2011 er eit TV-drama med Neil Patrick Harris, Debbie Reynolds og Naomi Watts. Det er passande nok den mest sentimentale av alle bidraga til årets julekalender.

Neil Patrick Harris er komme tilbake til heimbyen. Han har fått permisjon frå jobben i New York grunna bestefaren sin død. Jula nærmar seg og han spør kva bestemora (Reynolds) ønskjer seg. Ho hentar fram ein gammal journal som bestefaren skreiv og viser til eit namn som står skrive, Lillian. Ho ønskjer å få vite kven det var.
The Christmas Wish handlar om å finne ut kven ein sjølv er, like mykje som å finne ut kven andre var og er. Det er ein film fylt med klisjear som fungerer. For eg som er kjent med Neil Patrick Harris frå dei siste åra er det uvant å sjå han i ei seriøs rolle. Men det gjorde meg skjerpa til å sjå om det seriøse fungerte.
Som eit studie i klisjefylt sjangerfilm er det eit lite Mekka. Men eg må òg innrømme at eg blei ganske rørt. Spesielt når filmen er på sitt mest sentimentale. At Harris får følgje av både Watts og Reynolds gir eit stjernepreg som eg set stor pris på. Filmen hadde ikkje vore den same utan.
Julaftan krevde ein spesiell film. The Christmas Wish blei eit tilfeldig bidrag til julekalenderen. Eg snubla over filmen medan eg gjorde forarbeid til innlegget om The Great Rupert, også kalla A Christmas Wish, og klarte ikkje motstå.
Per i dag er filmen del av ABC Family’s 25 Days of Christmas, ABCs nedteljing til jul pÃ¥ TV-nettverket. Han vart laga av Feature Films for Families i 1998 for Ã¥ sendast pÃ¥ CBS, og formatet er 1.33:1. Eit takk i rulleteksten etter filmen lyder slik: «Thank you for supporting films that lift the spirit and teach timeless values».
