«The Dead Zone» er resultatet av eit screenplay basert på ein Stephen King roman som har hamna i hendene på regissøren David Cronenberg, ein av regissørane eg dei par siste åra har valgt å gradvis ploge meg gjennom filmografien til. Her har ein 40 år gammal Christopher Walken fått hovudrolla og av birollar har me bl.a. Martin Sheen og Tom Skerritt.
Johnny Smith (Walken) er ein mann med livet framfor seg, han har ingen hast med Ã¥ fÃ¥ kjærasten i seng: « Some things are worth waiting for. […] I’m going to marry you.». SÃ¥ skjer det verst tenkelege, eit anfall av brÃ¥ hovudverk sler Johnny ut av drift i akkurat mange nok sekundar til at han ikkje fÃ¥r tid til Ã¥ reagere tidsnok til Ã¥ unngÃ¥ ei bilulykke. DÃ¥ han vaknar opp igjen frÃ¥ koma er det med ei emne til Ã¥ sjÃ¥ hendingar i framtid og fortid til personar han kan knyte ei fysisk kopling til, denne emna gÃ¥r pÃ¥ bekostning av hans fysiske vesen og Johnny fÃ¥r det alt anna enn lett i denne tida.
Det finst nok av halvdårlege og dårlege filmar der ute om personar med overnaturlege emner, heldigvis er ikkje «The Dead Zone» blant desse, den klarar å gjere det til så mykje meir enn showoff av eit kult talent. Her har me ei god kriminalhistorie, drama og ein mann som verkeleg slit med seg sjølv i etterkant av ei ulykke, og gåva han har blitt tildelt ved å kunne sjå på tvers av tid er i like stor grad ei tung bør som gjer livet endå vanskelegare. Eg forventa noko ekstra på grunn av Cronenbergs involvering, og blei ikkje skuffa sånn sett.
Det som gjer at eg ikkje heilt klarar å nyte dette fullt ut er filmen har ei svakheit når det gjeld å knyte saman dei ulike tidsstadia i historien. Ikkje før har eg klart å involvere meg skikkeleg i karakterane og komme i takt med framdrifta så kjem det eit lite dødpunkt og eg følte det blei å starte på nytt igjen, at «The Dead Zone» gong på gong klarte å bygge seg opp igjen vitnar om at den elles var ein veldig god film.

juni 24th, 2008 at 18:10
Jeg sÃ¥ denne filmen første gang i min barndom og ble trollbundet, fullstendig intetanende om hvem Cronenberg var og hva han stod for (tror det hjelper). Har sett den et par ganger senere (og lest boka), synes fortsatt den er meget god, men det er nok de irrasjonelle minnene fra «gamle dager» som gjør at jeg av og til trekker frem filmen som en av mine favoritter… Det er noe spesielt med filmer man blir ekstra glad i som barn.
juni 25th, 2008 at 12:46
Det nærmaste eg kjem ein slik film er nok «American Pie», som barn frå familie utan VHS og kabel-tv var det film på kino som var greia, og då blei det ikkje å knytte seg så mykje til enkeltfilmar ettersom dei stort sett (med unntak av «Heldiggrisen Babe» som eg såg to gonger) blei sett 1 gong kvar. Før eg kjøpte «American Pie» som min første dvd rundt 2000, i ein alder av 15 år, har sett den ein del gonger i ettertid og synst fortsatt den står seg.