Sidan «Army of Darkness» var så underholdande som den var, så fann eg det like greitt å sjå korleis «Evil Dead» serien starta, og gav meg i gang med den første filmen.
Ash, dama og tre andre venner har fått tak i ei hytte på ein tilsynelatande øde plass. Dei reiser ut dit for å sjekke standen på ho, for å drikke og ha det gøy. Men det viser seg at hytta og skogen omkring er heimsøkt av menneskekjøttetande demonar. Skumle greier! I forhold til «Army of Darkness» så brukar denne faktisk litt tid på å komme i gang, og har ein oppbygging som er enklare å følge. Det er litt småknirking, hamring med dører og skumle lydar før det etter kvart bygger seg opp til å bli skikkeleg blodig. Faktisk noko av det blodigaste eg har sett på ei god stund! Eg fann meg sjølv i å sitje å sei usj og skjere grimasar av det, bra!
Bruce Campbell er ikkje blitt den hardbarka helten han var i «Army of Darkness», men er ganske normal i starten. Dei fæle episodane ser likevel ut til Ã¥ prege han etter kvart, og det blir godt festleg Ã¥ sjÃ¥ han spele utover, spesielt mot Richard DeManincor — ser glimtet i auga pÃ¥ dei innimellom.

august 24th, 2006 at 19:03
Selv om Evil Dead-trilogien er laget for Ã¥ sees en og en sÃ¥ er de likfullt mer moro Ã¥ se i riktig rekkefølge. I lys av hvordan II og III utvikler seg vokser faktisk I’eren. Og den er den minst morsomme av de tre, men ogsÃ¥ den skumleste. Den holder seg godt.