Så var det jul igjen, iallfall hjå familien Stone. Dette er nok meir eit romantisk drama enn ein romantisk komedie, ein sjanger som gong på gong spyr ut det same mølet. Og som eg gong på gong plukka opp i håp om å komme over noko betre, noko som faktisk skjedde med «50 Ways to Leave Your Lover».
Men tilbake til «The Family Stone». Denne filmen gir oss ingenting nytt, og heller ikkje noko god julestemning. For ja, ein god julefilm skal kunne få ein i iallfall litt julestemning, uansett årstid. Denne filmen er heller ikkje særleg morosam, for å ha det klart. Den prøver derimot å spele på at trist blir ekstra trist rundt juletider, noko som den kanskje ikkje klarar så veldig godt, men litt skal den ha æren for å få til.
Dessutan, er det andre enn meg som absolutt ikkje tykkje Dermot Mulroney er nokon god skodespelar, noko eg har fått vel fram i mine få utvalte ord om «The Wedding Date». Sarah Jessica Parker på den andre sida, har eg heller aldri hatt særleg sansen for, men i denne filmen var ho faktisk litt sjarmerande, om ikkje akkurat det beste av skodespeling eg har sett, så iallfall den beste rolla eg har sett ho i. Resten av gjengen her er ikkje verdt å nemne, dei fleste er gjengangarar i sjangeren, og Luke Wilson gjer ikkje stort ut av seg, for den som har sett «The Royal Tenenbaums».

januar 4th, 2009 at 00:33
Din innsikt i film er da desverre svært begrenset om dette er alt du har å si om filmen. Dette er en av de mest detaljerike og karakterfyldigste filmen jeg noen gang har sett. Skuespillerprestasjonene er det ingenting å si på. Om du skal bedømme dem, må du i det minste legge dine snevre fordommer hva de angår, fra deg. Spesielt Keaton er fantastisk her!
For å nevne en ting, la du nok neppe til hvordan Amy gikk fra å være den plagede med rebelske klær og attitude, Everett med sitt stramme slips og Meredith med sine strikte antrekk, til å gli inn i sitt rette element etter som de fikk det som manglet på plass i livet. Hvordan de alle ble roligere, og at Amy hadde på seg Sybils ring som hun hadde på seg helt til hun døde.
The Family Stone er ingenting av det du beskrev.
januar 5th, 2009 at 21:05
Ut i frå ståstaden min er det du nemner enten feilaktig eller ting som berre er så spor av at det ikkje er verdt å nemne. Det eg ikkje har nemnt her er ting eg ikkje har trengt å nemne, ut i frå den tanken om kva Filmdagbok er. Difor tek eg eigentleg ikkje til meg noko av det du skriv, som ikkje er meir enn påstandar utan grunnlag for tankar eg ikkje kjenner meg igjen i. Eg la nok merke til litt av kvart i denne filmen, men det var lite som gjorde sterkt nok inntrykk til å løfte denne oppover (over 6/10).
januar 7th, 2009 at 20:52
hva er feilaktig av det jeg nevner?