The Fly (1986)

IMDb: 7.4/10 (29,035 votes)

The FlyÅtvaring følger: «The Fly» er ikkje for pingler. Sjå for deg ein mann, i dette tilfelle Seth Brundle (Jeff Goldblum), som får endra genmolekyla sine til å verte ein mellomting av mann og fluge. Dette skjer i Cronenbergs storbudsjettfilm frå 1986, når forskaren Brundle skal teleportere seg sjølv frå Telepod 1 til Telepod 2 og får ei fluge med i podden. Rein showoff av ein avskyeleg prosess er det nok ikkje, filmen har ei god kjærleikshistorie mellom Brundle og Geena Davis Veronica Quaife, ei etterkvart svært så problematisk ei. Og ei utvikling som får ein til å stusse på kven som verkeleg er the good guyog the bad guy. Goldblum bygg dessutan med denne gode prestasjonen opp igjen inntrykket eg har av han etter 1990-talets gigantiske blockbusters. Dette er nok endå betre enn «Scanners».

7/10
Publisert 1. januar 2007 kl. 12:23 i Alle, Drama, Horror, Sci-Fi, Thriller merka som , , .

Skriv ein kommentar