The Girlfriend Experience (2009)
Eksperimentell film frå Steven Soderbergh som fell godt i smak. Pornostjerne Sasha Grey spelar dyr eskorte, eller luksusprotituert, på Manhattan. Soderbergh har klart å formidle livet til ei litt udefinert kvinne i eksortebransjen, viss verdiar og utstråling er vanskeleg å få tak på. Samtidig gjer han filmen til eit uttrykkande medium for finanssituasjonen som bygde seg opp mot presidentvalet i 2008. Filma med Red One kamera ser filmen nydeleg ut, musikken er litt utanom det spesielle, men like velfungerande. Filmtraileren er blant dei mest truverdige mot sjølve filmen eg har sett på lenge, og viser eit god eksempel på musikkbruken.
