Tjueførste luke i julekalender 2011 er ein film der pengar regnar frå over. I 2003 blei filmen fargelagt og fekk namnet A Christmas Wish. Det er den versjonen eg har sett.

The Great Rupert er så mangt, men først og fremst eit ekorn. Då den fattige eigaren Joe må flytte ut, slepp han Rupert laus i naturen. Rupert som trivdes i huset, flyttar tilbake på eiga hand. Same dag flyttar familien Amendola inn, like fattige folk som Joe. Men Amendola er heldige, ut av intet regnar det 1500 dollar.
Moralen til The Great Rupert er: Viss du lyg og håpar at pengar og rikdom skal dukke opp frå intet, så vil gode ting skje. Dette får meg til å like filmen. Filmar som ikkje skyr sannheiten om at løgn kan vere lønnsamt er ironisk nok ærlege. Det finst mange filmar som er inne på det same, men altfor mange som blandar karma inn. Karma er øydeleggande.
På overflata handlar The Great Rupert om eit julemirakel. Fattigfolk som opplever eit mirakel har større resonans rundt juletider. Eit tid då folk som har det bra får det betre, og kontrastane med dårlegare stilte blir større. Det blir difor lettare å svelge lykka i The Great Rupert.
Filmen er veva saman av songnummer, dansande ekorn i stop motion og ei kjærleikshistorie. Utført på ein trygg og enkel måte blir aldri The Great Rupert ei stor cinematisk oppleving. Det er òg lite av gleden og sorgen som smittar. Det emosjonelle stikk ikkje særleg djupt.
Eg nølar med å felle ein dom. Filmen var fin, men utbytte var lite. Det finst andre julefilmar eg heller vil anbefale. Men eit kanskje større poeng er at det finst langt fleire dårlege julefilmar enn denne
