The Hangover (2009)
«The Hangover» tek eit velbrukt tema som utgangspunkt, men står fram som eit friskt pust i ei Hollywoodverd der det er manko på forseggjorte komediar. Mykje takka vere god rollebesetning og den balanserte variasjonen mellom show, smartare humor og rå humor på spissen blir dette vellykka. Leitar du vil du alltids finne den ektefølte tanken og dei jordnære karakterane som alltid nyare og gode komediar får skryt for å ha, men det er først og fremst det tempofyllte handlingsforløpet med fortløpande humoristiske innslag, og minimalt med dveling over poenga, som gjer dette til ein hysterisk og godt gjennomført vulgær roadtripkomedie.
