8. juli 2012
The Hunter (2011)
Willem Dafoe blir sendt til den tasmanske villmarka i Australia for å jakte på eit gjenlevande eksemplar av den tasmanske tigeren.
Den tasmanske tigeren døydde ut tidleg på 1900-talet. Enkelte spekulerer i om det framleis finst nokre ville eksemplar, og det er slike idear som The Hunter baserer seg på.
Martin David (Willem Dafoe) blir leigd inn av eit militært selskap for å hente inn prøvar teke frå dyret. Ved ankomst i Tasmania møter han ugjestmilde lokale. Jakta blir meir risikabel med uvennlege i kulissene.
The Hunter held på spenninga ganske lenge. Det er spenning mellom Dafoe og dei lokale. Arbeidsløyse der har gjort alle besøkande til uvedkommande. Og det er spenning i jaktscenene med Dafoe. Både naturen og fornemmelsen av å bli overvaka tynger.
Det er meir humane sider ved filmen også. Familien som Dafoe har base hjå hentar fram meir av han som person enn andre deler av filmen klarar.
Oppbygginga er på plass, men for min del klarte ikkje resten av filmen å leve opp til ho. Ting skjer for fort, og potensialet i ein god tragedie forblir eit potensiale.
Eg er stor fan av filmar på rundt 90 minuttar, og synst mange filmar brukar for lang tid på verdilause scener. For meg er det scener som verken utviklar historie eller personar. Det finst sjølvsagt unntak, og det er ingen fasit.
The Hunter er ein film som gjerne kunne ha vore lengre. Det er ein personleg preferanse, men både tid med nemnte familie og i flott villmarksnatur hadde gjort seg.
Utover desse tankane synst eg at The Hunter var ein god film. Med spenning og ei handling som kjem såvidt under huda på meg.
