Før: Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen (litt «James Bond»?) og forskjellige element frå superheltehistoriar, ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og det mest morosame. I lyset av «Shrek 2» synst eg derimot den låg eit hakk under på det humoristiske. Ca. dette var å lese i Filmdagbokinnlegget frå den gong.
No: Å kalle det ein parodi er feil ordbruk, «The Incredibles» er ein hyllest til superheltfilm og brukar flittig mange kjente trekk. Ved å bruke animasjon kan det heile gjerast ganske vilt i forhold til vanleg film med spesialeffektar utan at ein reagerar på det, endå nærmare teiknefilmsjangeren. Alle referansane til superhelt- og agentfilmar er til å sette pris på. Handlingsforløpet er forutsigbart så det held, men filmen er flott utført og køyrer løpet godt. Disney/Pixar har laga ein film for (store deler av) familien, så nokre moralske preikenar må ein tåle ved sidan av lykkeleg slutt og samla familie. Dette er på si side det som trekk filmen ned eit hakk for min del sjølv om eg forventa det. Viktig å nemne er at spenninga ikkje går på bekostning av dette, The Incredibles har noko flotte høgdepunkt som aktiverar smilebandet, litt mør er den i botnen med dei godt skjulte drapa sine og fiendtleg destruktivitet.
