The Last King of Scotland (2006)

IMDb: 8.0/10 (2,847 votes)

The Last King of ScotlandDen etterlengta filmen om nyutdanna lege, skotske Nicholas Garrigan (James McAvoy) sitt eventyrsøken, som endar opp som personlege lege og rådgivar til ein av dei grusomaste diktatorane verda har sett siste halve århundre, skuffar litt.

Forest Whitaker har fått mykje skryt for rolla som Idi Amin, og eg kan ikkje anna enn å føye meg inn i rekka. Mannen har spelt i gode filmar før, men eg har aldri sett han gjere ei så sterk rolle. Han er og den som trekk «The Last King of Scotland» opp. For å følge Garrigan, som ikkje har det ekstra som gjer han til ein interessant karakter, endar opp med å bli ei gjennomsnittleg affære. Og når det er dette som er grunnlaget for filmen, så er det logisk at det speglar av på filmopplevelsen.

I fare for å få folk på nakken vil eg påstå at denne filmen ikkje er anna enn eit forsøk på å innhente ein Oscar, ved å bruke ei velkjent oppskrift som omhandlar ei grusom hending i Afrika. Det har fungert før, men eg saknar det vesle som får meg skikkeleg oppgitt og engasjert over det som skjer her.

No blei det mykje negativt her, og eg skulle nok lagt meir vekt på det positive, ettersom eg i utgangspunktet synst filmen var over middels. Men etter å ha skrive dette er eg ikkje sikker lengre på kva eg eigentleg synst om filmen, og endar opp med å plassere den i mellomklassen.

7/10
Publisert 3. februar 2007 kl. 23:02 i Alle, Drama, History, Thriller merka som , .

2 kommentarar til The Last King of Scotland (2006)

  1. Fred Ut

    Så akkurat denne, og er ikke enig med deg. Filmen har en god historie og forteller den gnistrende, til tross for at vi har hørt den mange ganger før. Jeg er (som du tydeligvis også er) lei av filmer som kretser om Afrikas elendighet, men skal man først se en slik er dette kanskje den aller beste. Den har en god historie som er mer personlig og mindre politisk enn det som er normen (er slett ikke sikker på om poenget er at du skal bli oppgitt og engasjert i det ugandiske folks skjebne), er teknisk upåklagelig, gnistrende spilt og har ikke minst et steintøft soundtrack.

    Synes jeg.

  2. Asbjørn Ness

    Me har tydlegvis hatt vidt forskjellige forventingar til kva denne filmen skal innebere. Du har gode poeng, men eg fekk meg ikkje til å vurdere den slik når eg såg den. Diverre er dette ein film som eg vil finne det vanskeleg å sjå igjen.

Skriv ein kommentar