The Last Waltz (1978)

IMDb: 7.9/10 (3,702 votes)

The Last WaltzMartin Scorsese har regissert denne konsertdokumentaren som bygg på The Band sin siste konsert. Og det er ikkje ein kva som helst slags konsert, med seg har dei fått songarar dei har spelt for gjennom dei 16 åra dei turnerte. Bob Dylan, Neil Young, Neil Diamond og Eric Clapton er noko av desse.

Musikken ligg nok utanfor mitt vanlege felt, men eg likte dette godt. Det gav ei god stemning, og intervjua innimellom songnummera er prega av ei lett og ledig tone som passar personlegheitene til musikarane bra. Så godt synst eg dette var at eg gjekk i butikken og kjøpte min første The Band CD to dagar etter. Så gjenstår det om det gjer seg like godt i det formatet.

7/10
Publisert 3. mars 2007 kl. 23:15 i Alle, Documentary, Music merka som , .

Skriv ein kommentar