The Manchurian Candidate (1962)

IMDb: 8.4/10 (23,717 votes)

The Manchurian CandidateTo gonger har eg sett nyinnspelinga av denne politiske thrilleren, begge gongene utan å bli overvelda, men den er ein akseptabel og over gjennomsnittleg intelligent film. Om ikkje direkte ufordrande så krev den at ein held styr på folk og er villig til å vurdere dei, ikkje berre ta dei som gitt i eit bildekalas for å døyve underholdningssvolta.

«The Manchurian Candidate» er, som mange andre originalar til den tidvis nære nyinnspelte filmen, meir omfattande enn nyinnspelinga. Utan å gjere det til ein regel ser eg gjerne tendensen til at fleire rollefigurar blir sveisa saman til ein og gitt ein ny posisjon i forhold til historia, ei forenkling så dagens publikum ikkje blir utålmodige og forvirra, men får eit inntrykk av å avsløre noko innvikla?

2004-versjonen er heilt kurant, den største forskjellen ligg ikkje i korvidt desse er gode eller ikkje, men i behandlinga av karakterane sine i forhold til kvarandre. Ein av hovudpersonane, Robert Shaw, har blitt omskrive i den grad at det er like spennande å følge han her, tross at eg har sett «The Manchurian Candidate» utspinne seg før. At det her er med eit par ekstra namn i forhold til 2004-versjonen er ingen utfordring, dei blir via meir tid og får betre rotfeste, så «The Manchurian Candidate» anno 1962 står best ut med persongalleriet sitt.

Frank Sinatra går mellom svært passande til traurig fleire gonger i løpet av filmen og trekk med enkelte innspel frå andre ned på den generelle skodespelarprestasjonen. I blant ligg det på kanten til kunstig og småteit, resten av tida er det ein fryd å følge med på. Janet Leigh kan ingen skulde på, men Rosie er unødvendig.

Når det gjeld plottet til filmen er tolkinga i begge filmane relevante i forhold til tid og gir ingen direkte grunn til å tvile på logikken. Spelet omkring politikken synst eg er tydelegare tilstades i 2004-versjonen, utan at det står som ein negativ ting for 1962-versjonen, der andre sider ved historia blir avslørt i større detalj for publikum.

Det blei mykje samanlikning her, men no var det slik at eg såg filmen på denne måten, det skal vere vanskeleg å komme unna. Skal eg så gjere ei siste vurdering, då på kven av filmane som er best, må det bli ein knapp på denne. Hovudsakleg fordi den fortel historia si betre og stikk seg meir ut som ein særeigen film enn den meir typisk utførte konspirasjonsthrilleren nyinnspelinga var.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

  1. #Nr. 1, 28-nov-2007 kl 23:12

    John Frankenheimer er en av mine store regissørfavoritter, og det The Manchurian Candidate er etter min mening en av tidenes beste filmer. Jeg elsker den paranoide stemningen og Frankenheimers innovative kamerabruk som hele tiden fanger nye sinnsstemninger. Den er bare så ubeskrivelig god. Jeg måtte virkelig psyke meg opp for å se remaken da den kom, og klarte det ikke før tidligere i år. Den er slett ikke så verst, men jeg klarer ikke helt å vurdere den objektivt fordi jeg har så sterke følelse for Frankenheimers film.