The Matrix (1999)
Eg skriv semesteroppgåve om «The Matrix», med fokus på spektakulær estetikk, korleis det spektakulære i «The Matrix» er absolutt essensielt for å drive fram historien. Iallfall prøver eg. Filmen er ikkje den beste, skodespelet er i blant slett og det merkast. Men elles (eg ser bort i frå datert animasjon), er dette eit utmerka eksempel på Campbelliansk helteforteljing, få detaljar er tilfeldige, og det er mange detaljar. Måten det virtuelle og det ekte blir framstilt på er det beste med filmen, eg er mindre begeistra over actionsekvensane, men synst heller mytologien er det som er verdt å få med seg.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Siste 10 innlegg (arkiv)