16 episodar.
Fjerde sesong av «The O.C.» blei kortare enn normalt. På grunn av synkande sjåartal så FOX seg nødt til å sette streken. Etter mi meining skjedde dette altfor seint. Sjølv om eg no har brukt tid på å sjå dei siste 16 episodane.
Åtvaring, avsløringar følger!
Etter at Marissa døydde mot slutten av forrige sesong har serien gått inn i ein fase der svært lite av handlinga er særleg spennande. Eg vil påstå at allereie ut i andre sesong såg me teikn på at «The O.C.» gjorde seg best som ny.
Gamle metodar blir brukt igjen og igjen, og dei parodiske vendingane på typiske såpeseriar er ikkje lenger overraskande, men forutsigbare. Plusset er at skaparane har sjølvironi omkring produktet dei lagar. Humoren og det sentimentale rundt det faste følget reddar serien. Seth Cohen (Adam Brody) vil bli hugsa som slapp ungdom med sarkastisk tunge, og denne skodespelaren vil forhåpentlegvis gjere det bra i filmen «In the Land of Women».
Siste episode er kanskje den mest avsluttande episoden eg har sett i nokon serie. Her blei det pøsa på med tidshopp og lykke i massevis. Så mykje at ein sjølverklært ikkje-lenger-stor-fan fekk klump i halsen.
