Ein ung, ferdigutdanna mann, flyttar frå ein gard i Kansas for å byrje i ein god jobb, i storbyen New York. Når han kjem dit blir han møtt av ei umiddelbar oppseiing, og må ty til ein fjern slektning for å sikre seg ein anna jobb, på det interne postrommet i bedrifta.
Michael J. Fox spelar den unge mannen, Brantley, som ikkje har tÃ¥lmod til Ã¥ jobbe seg heilt frÃ¥ botnen av og oppover i selskapet, som slektningen «onkel» Howard styrer. Nyutdanna frÃ¥ college innanfor forretningsdrift, har Brantley det som skal til for ein utfordrande kontorjobb i dei øvre etasjane, bortsett frÃ¥ erfaring.
«The Secret of My Succe$s» ligg nære å vere ei forviklingskomedie, Brantley tek etterkvart på seg ei ny identitet som styremedlem i selskapet, og lurer både sjefen på postrommet og onkelen sin. Og det er i grunn det filmen handlar om, å snike seg rundt for å gjere det ein brenn for, og samtidig måtte unngå å bli avslørt.
Filmen blir så god som det er av fleire grunnar. Den har fleire relevante poeng omkring tilsetjing i jobb, sett opp mot ynskje om at ein har erfaring, og kor langt ein kan komme ved å skaffe dei rette kontaktane eller utnytte eit kaotisk system, som her er eit uoversiktleg selskap. Michael J. Fox har utstråling og ein jordnær person som får Brantley til å verke akkurat passe truleg i rolla si. Ei blanding av humor og ei historie som kan motivere, fungerer godt i lag her.
