The Snowman (1982)

IMDb: 8.2/10 (2,801 votes)

snowmanLuke nr. 4. Ein relativt moderne juleklassikar dette, som har rukke å bli vist på TV år etter år ei stund allereie. Denne flotte og litt triste eventyrhistoria om ein liten gut som får oppleve at snømannen han byggjer kjem til live om natta og har tek han med på ei eventyrleg reise følgjande natt. Då det ikkje er noko tale i 1982-versjonen, sett bort frå introduksjonen gjort av David Bowie, spelar musikken ei ekstra viktig rolle. Den nydelege musikken er gjort av Howard Blake, med den gong 13 år gamle Peter Auty på vokalen til «Walking in the Air», ein ny favoritt.

Animasjonen har eit preg av bokillustrasjon over seg, er rik på detaljar om ikkje så flytande som f.eks. Disneylangfilm. Naturleg, ettersom denne blei laga for britiske Channel 4 og ikkje kinopublikummet verda over. Det er ikkje vanskeleg å like animasjonen, då den i grunn er perfekt til å skildre den hurtige forflyttinga me opplever, og er med på å gi kortfilmen særpreg og kanskje litt ekstra vinterstemning.

Det viktigaste som kan bli sagt om «The Snowman» er at dette er ein knallfin juleanimasjon med den rette stemninga, som lullar ein inn i seg før den avsluttar på flott, smått trist vis.

7/10
Publisert 4. desember 2009 kl. 09:00 i Adventure, Animation, Family, Fantasy, Short merka som , , .

7 kommentarar til The Snowman (1982)

  1. Cuneax

    4/10 til Zapruder-filmen? WTF?

  2. Asbjørn Ness

    SÃ¥nn er det.

  3. Cuneax

    Fortell. Var ikke anslaget som du ventet? Var turning-pointen for obvious? Skuespillet for svakt?

  4. Asbjørn Ness

    Det var rett og slett ikkje film nok. Anslaget var svakt. Eg vil i grunn ikkje karakterisere det som ein film. Det har ingenting med det historiske i øyeblikket å gjere…

  5. Cuneax

    Sammenlikner du den med en fiksjonell spillefilm eller dokumentar i den vanlige definisjonen? Det er jo en hjemmefilm (amatørfilm) og kan ikke ses på samme måte som de andre modiene.

  6. Asbjørn Ness

    Eg ser ingen andre heimefilmar på IMDb, så er den der, så skal den sanneleg få ein karakter som kan samanliknast med anna film. At det er ein heimefilm betyr heller ikkje at den skal ha eit handikapp. Ligg den på ei liste som IMDb top 50 short movies, så må den kunne samanliknast med dei andre titlane som ligg der, og i forhold til dei er dette rett og slett ikkje meir enn eit 26 sekundar langt klypp som ikkje seier stort på eigne bein, og ein dokumentarfilm skal kunne sei noko utan å lene seg utelukkande på forkunnskapar – sjølv om det i mange tilfeller er nødvendig med litt.

    Så ja, eg samanliknar vurderingsgrunnlaget til filmen med andre dokumentarfilmar, og gir ikkje filmen spesialbehandling og meinar godt den kan bli sett på same måte som andre modi, men at den ikkje når opp. Viss du vel å gjere det på ein anna måte er jo det heilt greitt, men ingen måte eg kan støtte eller sjå poenget i når det gjeld denne filmen.

  7. Cuneax

    Dette minner meg om en fyr som ga Roundhay Garden Scene 1/10. Disse filmene kan ikke sammenliknes med narrativ film, noe du gjør. Selv om IMDb lister den opp på Top 50 Short Movies, betyr ikke det at man kan sammenlikne den med andre, narrative kortfilmer. Vi benytter oss av forskjellige mentale skjemaer i møte med ulike filmmodier. Vi forventer oss for eksempel ikke en aristotelisk modell på en forskningsfilm som dokumenterer et vitenskapelig eksperiment for en institusjon. Det er meningsløst å dømme filmer fra andre modier enn den narrative på narrative betingelser.

Skriv ein kommentar