The State Within miniserie

6 episodar.

The State Within«The State Within» er ei blanding av terror, konspirasjonar, britisk og amerikansk politikk. I hovudsetet finn me Jason Isaacs, han spelar den britiske ambassadøren som må hamle opp med eit virrvarr av innvikla trådar. Alle er han heldigvis ikkje innvikla i, med seg har han ei solid skuffe med andre sterke skodespelarar som eg ikkje har eit snev av peiling på kven er, utan at det gjer noko.

The State WithinNo har eg aldri vore spesielt interessert i denne type serie før, politsk thriller altså, og tok ein råsjans på at eg kom til å like dette. Betalinga kom i form av 6 timar topp underhaldning. Sjølm om eg gjekk glipp av ein stor del av dialogen på grunn av mi vesle erfaring med uteksta britisk tv. Eg tør påstå at dette kunne blitt februar sitt store høgdepunkt om eg hadde å snappe opp all snakking. Eit gjensyn er i tankane for framtida.

Så vil eg anbefale serien vidare, til dei som føler dei kan sette seg ned med noko som er tyngre enn 24. Her krevst det full konsentrasjon for å få med alle relative trådar, men med god belønning.

Publisert 21. februar 2007 kl. 18:35 i TV Ferdig merka som

2 kommentarar til The State Within miniserie

  1. Hjorthen

    Glimrende! Spre det gode budskap!

    Det store spørsmålet er forresten om han fyren som spiller Nicholas Brockenhurst ligner på Daniel Craig, Ewan MacGregor, eller eventuelt begge to?

  2. Asbjørn Ness

    Vrient spørsmål det der. Det er litt av kvart altså, men ein ting er klart: han er meir slu enn eg har sett både MacGregor og Craig. Og dei har teke god avstand frå den stereotype tv-serie homofile, ein av dei mange vriane som gjer dette så komplett.

Skriv ein kommentar