The Straight Story (1999)
«The Straight Story» er for meg ein ganske så spesiell film, ettersom det er den første David Lynch filmen eg har sett og fortstått. Det er ein rett fram film om ein mann som etter å ha fått beskjed om at broren har hatt slag, legg ut på ei 320 miles lang reise for å vise at 10 års stillheit mellom dei på grunn av krangel ikkje er ein verdig måte å avslutte livet på. Filmens hovudrolle, Alvin Straight, spelt av den no avdøde Richard Farnsworth, bygg ein tilhengar og legg i veg med eit plenklyppar av merket John Deere som går i knappe 5 MPH. Grunnen til at han brukar plenklyppar ligg i at han aldri har teke billappen, og forsåvidt har dårleg syn.
Turen frå Laurens, Iowa til Mt. Zion, Wisconsin er hoveddelen av filmen, ei reise der Alvin møter mange sympatiske folk som han både deler livskunnskap og historiar med. Alt foregår i eit tempo lik John Deere plenklypparen, noko som er veldig behageleg servert med nydeleg filmmusikk av Angelo Badalamenti, som også har lagt inn arbeid i andre Lynch-filmar. Filmen sparar heller ikkje på pene montasjar, som er med på å bidra til å gi ei god ro i filmen, og eg får lyst å trekke parallellar med «The Station Agent», likevel om «The Straight Story» er hakket rolegare, og hakket meir alvorleg.
At filmen er basert på ei sann historie er i grunn ikkje noko som er nødvendig å nemne, for det kan føre til at ein tenker; «ikkje endå ein slik film frå Disney». Men det er ingen grunn til bekymring, så det er sagt. Hadde det ikkje stått Disney ved opninga, hadde eg aldri trudd dette var eit drama utgitt via dei. Unnskyld viss eg er negativ til Disney drama, men så langt har eg fått eit middelmådig inntrykk av den type filmar frå den kanten.
