The Sugarland Express (1974)

IMDb: 6.8/10 (4,371 votes)

Sugarland Express«The Sugarland Express» markerar debuten til Spielberg på storskjermen, hans tidlegare «Duel» blei laga for tv, mens denne er i breiformat og med eit betydeleg større budsjett ($3.000.000 mot $375.000). Goldie Hawn, ung og pen so ho var i 1974, stikk av med hovudrolla, sjølv om både Michael Sacks og William Atherton har like mykje skjermtid. Hawn spelar Lou Jean i det som er ei historie basert på sanne hendingar, saman med mannen som nyleg har rømt frå fengselet kidnappar dei ein politimann og forlangar skyss til Sugarland. I Sugarland er ungen deira i fosterheim, mot deira vilje, og Lou Jean vil ha den tilbake.

I «The Sugarland Express» er det mykje bilkøyring og endå fleire bilar, på det meste finst det titals politibilar i bilde, Spielberg brukar opp igjen mange av teknikkane han nytta seg av i «Duel», kamerautsnitt og føring er stødig utført og smart, nødvendig informasjon kjem med utan for mykje kluss og brå klypperytme. Tonen i filmen hellar meir mot humor enn «Duel» og kan tryggt plasserast inn i den vidare utviklingskurva Spielberg hadde mot blockbusterane, «The Sugarland Express» er sopass alvorleg at eg ikkje vil kategorisere det som ein familiefilm, slutten som eg ikkje skal gå innpå i detalj set eit punktum for dette inntrykket.

Heilt pÃ¥ tampen vil eg trekke smÃ¥ parallellar til Sidney Lumets «Dog Day Afternoon», begge to er filmar basert pÃ¥ sanne hendingar, begge omhandlar gissel/kidnapping, i hovudet til dei kriminelle i begge filmane ligg relativt gode motiv (viss ein tøyer betydninga av god litt), og ikkje minst — begge foregÃ¥r i eit avgrensa miljø; stort sett i ein politibil i «The Sugarland Express» og banken i «Dog Day Afternoon». Utføringa elles er det større forskjell i, men med desse tinga i tankane synst eg «The Sugarland Express» har mykje godt for seg i tillegg til Ã¥ vere biljakt og vÃ¥penflashing.

7/10
Publisert 25. januar 2008 kl. 09:42 i Adventure, Alle, Crime, Drama merka som , .

Skriv ein kommentar