They Live (1988)

IMDb: 6.7/10 (10,288 votes)

They LiveEin av grunnane til at eg stadig kjem tilbake til John Carpenter er emna filmane hans har til å vere meir enn berre god eller dårleg. Dei er gjerne profetiar eller kritikkar som er lette å legge merke til. Framført i drakta av lett likelege historiar.

I «They Live», som er basert pÃ¥ Ray Nelson si novelle «Eight O’Clock in the Morning», kjem det ekstra tydeleg fram at Carpenter har lyst til Ã¥ kritisere. Historia startar med at Nada kjem til byen, fÃ¥r snusen i noko muffens og endar opp med eit par solbriller som avslører romvesen si pÃ¥gÃ¥ande hjernevasking av menneske med skjulte bodskapar i media. Media stÃ¥r altsÃ¥ i fokus, og romvesena blir bilde pÃ¥ kapitalistar.

Den delen av filmen er fin, synd mykje anna er halvgjort. Oppbygginga går i rykk og napp, forsøket på å vere elgant og stilig bukkar under med upassande skodespelarar. Karakterane føretek fleire ulogiske val som etter kvart blir altfor irriterande. Dei køyrer på rett fram og blir aldri hindra nok til at det blir skikkeleg spennande heller.

Ein film eg gjerne skulle ha likt, som blir for rufsete i kantane rundt ei solid kjerne. Underhaldingsverdien blir sånn passe.

5/10
Publisert 13. oktober 2007 kl. 19:31 i Action, Alle, Sci-Fi, Thriller merka som , .

Skriv ein kommentar